To nye dommar frå EU-domstolen opnar for at ein forelder som blir skilt frå ein EU-borgar kan bli buande i eit EU-land – sjølv om han/ho ikkje oppfyller unionsborgardirektivets (opphaldsdirektivets) krav om at dei skal forsørgja seg sjølv. Dette kan skje om dei har felles barn i skulegang i gjeldande EU-land.
Ifølgje eit notat frå Folketinget meinte den danske regjeringa at direktivet allereie regulerte området uttømande, og at det dermed ikkje kunne gis opphaldsrett utan at forelderen hadde tilstrekkelege midlar. Dommane (C‑310/08 og C-480/08) gjekk difor imot dei danske innspela.
Kristeligt Dagblad har skrive om sakene: Nye EU-domme truer dansk velfærdssystem. Også i 2008 gjekk EU-domstolen mot Danmark i ei sak knytt til unionsborgardirektivet: Metock-saka.