«Måten Stortinget inngår avtaler om suverenitetsoverføring bryt med […] Grunnlova og med grunnleggjande demokratiske og konstitusjonelle omsyn», skriv Eirik Holmøyvik i
siste nummer av Nytt Norsk Tidsskrift, og karakteriserer praksisen som «eit sjølvbedrag som det synest å ha vore tverrpolitisk semje om over fleire tiår».
Paragraf 93 er regelen for suverenitetsoverføring i Grunnlova, og krev vedtak i Stortinget med tre fjerdedels fleirtal. Paragrafen er berre nytta éin gong, då Stortinget i samband med EØS-tilslutninga i 1992 overførte makt til EFTAs overvakingsorgan (ESA) og EFTA-domstolen. Men, EØS-avtala er ikkje den einaste avtalen om suverenitetsoverføring som Stortinget har samtykka i. I slike saker bruker Stortinget paragraf 26 og viser til at suverenitetsavståinga er «lite inngripande». I
stortingsmeldinga om Noregs avtalar med EU står det at slike suverenitetsoverføringar er forankra i «sikker konstitusjonell praksis». Holmøyvik, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, peikar derimot på at det ikkje står noko i Grunnlova «om at Stortinget kan vedta «lite inngripende» suverenitetsoverføringar med simpelt fleirtal».
Holmøyvik viser til at Utanriksdepartementet, i
samtykkeproposisjonen om eit europeisk byrå for flysikkerheit (EASA), forsvara bruken av paragraf 26 med at byråforordninga ikkje var politisk omstridd: «Dette er eit overraskande argument som bryt med all kjend konstitusjonell logikk. Er det ikkje nettopp stortingsrepresentantanes røystegjeving i Stortinget for å oppfylle eit krav om 3/4 fleirtal som skal vise at saka ikkje er politisk omstridd, og dermed gi vedtaket tilstrekkeleg legitimitet?» Holmøyvik viser også at praksisen med vedtak av suverenitetsoverføringar etter paragraf 26 har opphav i ein artikkel i eit studenttidsskrift i 1963.
Holmøyvik er sterk kritisk til korleis Stortinget sjølv er med på å byggja opp ein sjølvforsterkande praksis i slike saker: «Det som skjer er at vi får fleire stegvise suverenitetsoverføringar frå sak til sak, og som kvar for seg blir vurdert som «lite inngripende», men som i sum vil utgjere eit vesentleg inngrep i Grunnlovas kompetansereglar».
Utvalet bak Europautgreiinga viste mellom anna til at det «synes å eksistere en politisk/psykologisk sperre mot å benytte Grunnloven § 93. Selv i saker der det er mer enn 3/4 flertall på Stortinget, søker man konsekvent løsninger for å unngå bruk av § 93, og dermed unngå å innrømme at det skjer en viss suverenitetsavståelse».
Nationen har ei forklaring på dagens praksis: «Fordi EU-saken er så tabubelagt i Norge, later de folkevalgte som om paragrafen ikke eksisterer for å unngå debatt». Også Holmøyvik ser ei forklaring i det betente EU-spørsmålet i norsk politikk.
Redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift, Cathrine Holst, meiner at
dersom Holmøyvik har rett «må praksis, eller Grunnloven, endres, snarest. Å ture frem som nå, som om hva som står i Grunnloven ikke betyr noe, svekker respekten for både lover allment, Grunnloven spesielt og konstitusjonelle prinsipper». Holst meiner også Stortinget ikkje lenger kan akseptera suverenitetsoverføringane etter paragraf 26: «for Holmøyviks granskninger viser at dagens praksis slett ikke er «sikker»».
På
EØS-rådsmøtet denne veka blei det trekt fram sentrale rettsakter som Rådet meiner det er viktig å finna ei rask løysing på. Fleire av disse gjeld saker kor suverenitetsoverføring til EU-byrå er aktuelt: ACER (energi), finanstilsyna og BEREC (telekom). I tillegg gjeld det eit direktiv om barnemedisin, der spørsmålet er kven som skal kunna gi bøter ved brot på regelverk.