EU-borgarar kan få forlenga perioden med dagpengar frå heimlandet når dei søkjer arbeid i eit anna EU-land. Men dagpengebeløp frå dei fleste EU-landa vil ikkje dekkja utgifter i dei attraktive jobblanda, skriv Fagligt.eu.
Europakommisjonen presenterte i førre veke 2013-rapporten om unionsborgarskap. Der blir det lansert tolv tiltak som skal gjera det enklare for innbyggjarane å utøva sine rettar som EU-borgarar. Eitt av tiltaka som blir føreslått handlar om å fjerna hindringar for arbeidstakarar ved å utvida perioden EU-borgarar kan få dagpengar frå heimlandet når ein søkjer arbeid i eit anna EU-land. I dag er regelen at EU-borgarar kan få dagpengar i minst tre månader. Fleire land har allereie innført ei grense på seks månader, og Kommisjonen ønskjer at dette blir utvida til alle landa.
Samtidig ønskjer fleire land å endra direktivet om fri bevegelse for personar, på grunn av stigande motvilje mot at folk frå andre EU-land kjem og søkjer arbeid og legg press på lønns- og arbeidsforholda. Innanriksministrane frå fire EU-land (Storbritannia, Tyskland, Austerrike og Nederland) har nyleg skrive brev til det irske formannskapet der dei bed om at misbruk av trygd på tvers av landegrensene kjem på dagsorden for Justis- og innanriksrådet i juni.
I brevet kjem det fram at det i mange saker er ineffektivt å handheva gjeldande lover: «It is not enough for Directive 2004/38/EC to stipulate requirements for free movement and to seek to prevent abuse and fraud, while Member States are unable to enforce the regulations because the sanctions are ineffective. This situation undermines the confidence of the citizens in the receiving states in the common European right to free movement. While Article 35 of Directive 2004/38/EC does generally permit the Member States to adopt the necessary measures to combat abuse and fraud, it does not spell out what measures these could be and how the failure to comply should be sanctioned».
Kommisjonen vil i løpet av det neste året leggja fram detaljerte forslag basert på tiltaksforslaga frå rapporten om unionsborgarskap.