Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brusselkontor.
Det britiske overhuset har i dag vedteke ein rapport som tek til orde for at nasjonale parlament i EU-landa bør få ein større rolle i EUs lovgjevingsprosess. Mellom anna gjer Overhuset framlegg om at ei gruppe nasjonale parlament kan foreslå ny eller endre eksisterande europeisk lovegjeving («grønt kort»), jf. samandraget til rapporten. Nasjonale parlament bør også kunne krevje at framlegg til ny lovgjeving blir trekt eller vesentleg endra. Rapporten er omtalt i ein artikkel i The Telegraph 24. mars.
Målet med rapporten er å kome med praktiske framlegg til nye arbeidsformer som sikrer at nasjoanle parlament blir meir involvert i utforming og gjennomføring av EU-politikken. Framlegga vil ifølgje rapporten ikkje krevje traktatendringar.
Overhuset legg vekt på at nasjonale parlament aktivt må granske EU-aktiviteten til eigne regjeringar. Møta i COSAC, som er forumet for leiarar og medlemmer av Europautval i nasjonale parlament, er ein viktig arena for å drøfte felles utfordringar på dette området.
Det er viktig med meir dialog mellom nasjonale parlament og EUs instiutusjonar. Det foreslås altså at ei gruppe likesinna nasjonale parlament saman kan gjere framlegg om endringar til EUs politiske initiativ. Nasjonale parlament skal etter Lisboa-traktaten vurdere om nye framlegg er i samsvar med nærheitsprinsippet. Overhuset gjer framlegg om at nasjonale parlament også bør kunne vurdere proporsjonalitetsprinsippet og at dagens 8 vekers frist bør utvidast til 12 eller 16 veker. Dersom minst ein tredel av nasjonale parlament har innvendingar, skal i dag Kommisjonen vurdere framlegget på nytt. Overhuset meiner Kommisjonen må ta slike innvendingar meir seriøst enn i dag.
Samla meiner Overhuset auka samarbeid mellom og involvering av nasjonale parlament er viktig av omsyn til den demokratiske legitimiteten til EU. Dette er ikkje minst viktig i lys av dei nye samarbeidsformene for økonomisk og finansiell styring som er utvikla i kjølvatnet av den økonomiske krisa.
Det danske Folketinget la i januar fram 23 framlegg for samarbeid mellom og rolla til nasjonale parlament, jf. EU/EØS-nytt frå 29. januar.
Et utvalg EU/EØS-relevante nyheter -
for stortingsrepresentanter og ansatte på Stortinget
Viser innlegg med etiketten Brusselbrev. Vis alle innlegg

tirsdag 25. mars 2014
torsdag 13. mars 2014
Ja til personvern og nei masseovervaking i Strasbourg
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brusselkontor
- Europaparlamentet (EP) vedtok med stort fleirtal innstillinga til ny personvernforordning
- EP vedtok med knapt fleirtall innstillinga til nytt direktiv om personvern i justissamarbeid.
- EP vil dermed framleis sjå dei to regelverka i samanheng
- Rådet har ennå ingen felles posisjon og uklart når forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet kan starte om nytt regelverk eller når det kan vedtakast.
- EP seier USA må endre si masseovervaking av europeiske borgarar eller risikere konsekvensar for handels- og investeringsavtalen mellom EU og USA
Kommisjonen la elles fram sine innspel til ny justispolitikk EU og framlegg nye reglar om korleis EU skal handtere medlemsland som ikkje følgjer rettsstatsprinisppa på ein pressekonferanse i Strasbourg 11. mars, jf. omtale i EU/EØS-nytt frå Stortingsbiblioteket i dag.
onsdag 11. desember 2013
Fisk på menyen i Europaparlamentet denne veka
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
Europaparlamentet har hatt fleire fiskerisaker på dagsordenen denne veka. Parlamentet har:
Parlamentet stadfesta i dag avtalen med Rådet om reform av den felles fiskeripolitikken. Saksordføraren sa i debatten at EU nå tek grep mot overfiske ved at Rådet nå skal vedta årlege, berekraftige kvoter frå 2015 (2020 etter viss vilkår) og det er lagt ein tidsplan for innføring av utkastforbod med visse unnatak. Semja omfattar også regionalisering av forvaltinga og innfører ein klausul knytt til menneskerettar i samband med internasjonale avtaler. Han sa seg lei for at ein ennå ikkje har oppnådd semje med Rådet om den langvarige kompetansestriden knytt til vedtak av forvaltingsplanar for fisk. Denne stiden gjeld kva som er Rådets kompetanse og kva som er delt kompetanse mellom Rådet og Parlamentet etter at Lisboa-traktaten ga Parlamentet auka makt på fiskerisektoren.
Fiskerikommissær Damanaki sa Kommisjonen har oppnådd mange av sine mål for reforma. Samstundes er det nå vist at den ordinære lovgjevingsprosessen fungerar også i denne sektoren. Ho oppmoda om at partane prøver å oppnå semje også om fiskerifondet. Ho minna om at dette fondet finansierer t.d. inspeksjonar, og vitskaplege råd som igjen er nødvendig for å oppnå den hindre uttak utover tilrådde nivå.

- Stadfesta semja om reform av den felles fiskeripolitikken, inkludert innfasing av utkastforbod og tiltak for å hindre overfiske, men det er ennå ikkje eit vedtak for fiskerifondet
- Gått inn for eit forbod mot djupvasstråling i sårbare område, men ikkje for eit totalforbod. Rådet har ikkje starta handsaminga av forordninga ennå
- Drøfta eit spørsmål til Kommisjonen om makrellfiske i Nord-Atlantaren om ein mogleg avtale med Island og Færøyane
- Vedteke ein fornya fiskeriavtale med Marokko, men med motstand frå eit stort mindretal
Parlamentet stadfesta i dag avtalen med Rådet om reform av den felles fiskeripolitikken. Saksordføraren sa i debatten at EU nå tek grep mot overfiske ved at Rådet nå skal vedta årlege, berekraftige kvoter frå 2015 (2020 etter viss vilkår) og det er lagt ein tidsplan for innføring av utkastforbod med visse unnatak. Semja omfattar også regionalisering av forvaltinga og innfører ein klausul knytt til menneskerettar i samband med internasjonale avtaler. Han sa seg lei for at ein ennå ikkje har oppnådd semje med Rådet om den langvarige kompetansestriden knytt til vedtak av forvaltingsplanar for fisk. Denne stiden gjeld kva som er Rådets kompetanse og kva som er delt kompetanse mellom Rådet og Parlamentet etter at Lisboa-traktaten ga Parlamentet auka makt på fiskerisektoren.
Fiskerikommissær Damanaki sa Kommisjonen har oppnådd mange av sine mål for reforma. Samstundes er det nå vist at den ordinære lovgjevingsprosessen fungerar også i denne sektoren. Ho oppmoda om at partane prøver å oppnå semje også om fiskerifondet. Ho minna om at dette fondet finansierer t.d. inspeksjonar, og vitskaplege råd som igjen er nødvendig for å oppnå den hindre uttak utover tilrådde nivå.
fredag 15. november 2013
Europaparlamentet og nasjonale parlament drøfta Europol
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
7 nasjonale parlament var representert da borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen (LIBE) i Europaparlamentet (EP) i dag hadde invitert til dialog om framlegget til forordning om Europol. Grunnlaget for diskusjonen i dag var dei endringsframlegga som er lagt fram i komiteen, jf. Europaparlamentets oversikt over dokumenta i saken og saksansvarlege.
Saksordføraren, Agustín DÍAZ DE MERA GARCÍA CONSUEGRA (EPP, Spania) presenterte sitt utkast til innstilling og sa han i tillegg til visse overordna spørsmål og definisjonar, er opptatt av framlegget til å slå saman Europol og det europeiske politiakademiet Cepol (som han er imot), korleis Euopol skal styrast, personvern og spørsmålet om parlamentarisk gransking. Denne granskinga skal i samsvar med Lisboa-traktaten skje i regi av EP og nasjonale parlament. Han går inn for at det skal opprettast ei ny eining ("Parliamentary Scrutiny Unit") med ansvar for den praktiske gjennomføringa og at det er leiaren i LIBE som kan ta initiativ til møte. Det er komiteleiar i LIBE og leiaren i justiskomiteen i formannskapslandet som skal leie granskingsmøta. Han sa det alt er forhandla fram 22 kompromiss mellom han og skuggesaksordførarane og at dei vil ha neste drøftingsmøte 4. desember. Her vil parlamentarisk gransking med Europol vere eit sentralt tema.
- LIBE-komiteen i EP hadde i dag invitert nasjonale parlament til å drøfte endringsframlegga til forordninga om Europol - 7 nasjonale parlament deltok
- Semje om styrka reglar for personvern og motstand mot å slå saman Europol og Cepol
- EP og nasjonale parlament er opptatt av ei god organisering av den parlamentariske granskinga av Europol, men usemje om kor sterk rolle EP skal ha
- Eit framlegg som tek til orde for å vurdere å invitere EFTA-landa med som observatørar i granskinga, vart ikkje kommentert
7 nasjonale parlament var representert da borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen (LIBE) i Europaparlamentet (EP) i dag hadde invitert til dialog om framlegget til forordning om Europol. Grunnlaget for diskusjonen i dag var dei endringsframlegga som er lagt fram i komiteen, jf. Europaparlamentets oversikt over dokumenta i saken og saksansvarlege.
Saksordføraren, Agustín DÍAZ DE MERA GARCÍA CONSUEGRA (EPP, Spania) presenterte sitt utkast til innstilling og sa han i tillegg til visse overordna spørsmål og definisjonar, er opptatt av framlegget til å slå saman Europol og det europeiske politiakademiet Cepol (som han er imot), korleis Euopol skal styrast, personvern og spørsmålet om parlamentarisk gransking. Denne granskinga skal i samsvar med Lisboa-traktaten skje i regi av EP og nasjonale parlament. Han går inn for at det skal opprettast ei ny eining ("Parliamentary Scrutiny Unit") med ansvar for den praktiske gjennomføringa og at det er leiaren i LIBE som kan ta initiativ til møte. Det er komiteleiar i LIBE og leiaren i justiskomiteen i formannskapslandet som skal leie granskingsmøta. Han sa det alt er forhandla fram 22 kompromiss mellom han og skuggesaksordførarane og at dei vil ha neste drøftingsmøte 4. desember. Her vil parlamentarisk gransking med Europol vere eit sentralt tema.
onsdag 6. november 2013
Drøftingar om utanriks- og forsvarspolitikk i Europaparlamentet
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
I eit fellesmøte mellom Europaparlamentet (Parlamentet) og nasjonale parlament denne veka, sto framtida til europeisk forsvar på dagordenen. I oktober sto den felles utanrikspolitikken på dagsorden i plenum.
- Fleire dokument frå EUs institusjonar dannar bakgrunn for den komande debatten om forsvar på Det europesike rådet i desember.
- Europaparlamentet ynskjer eit sterkare europeisk forsvarssamarbeid og fekk støtte for synet av dei (få) nasjonale parlamenta som deltok i fellesmøtet om forsvar.
- Mange understreka behovet for konkret samarbeid for å fremje europeisk forsvarsindustri og samarbeid knytt til t.d. satelittar, kampfly, dronar og cybersikkerheit.
- Mange var opptatt av å kommunisere behovet for europeisk sikkerheits- og forsvarssamarbeid betre.
- Fleire snakka om forsterka samarbeid mellom dei EU-landa som ynskjer dette, men det var også semje om tett samarbeid med NATO.
- Parlamentet ynskjer ein proaktiv utanrikspolitikk med klare priroiteringar.
tirsdag 22. oktober 2013
Europaparlamentet vil styrke personvernet
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
Det var i januar 2012 Kommisjonen kom med sitt framlegg til å revidere europeisk personvernlovgjeving. Dette gjeld både generelle personvernreglar og reglar for utveksling av persondata i rettsleg samarbeid. Dagens reglar som også er gjennomført i norsk rett, er frå 1995. Det har derfor vore brei semje også modernisere reglane m.a. for å ta omsyn til framveksten av Internett og sosiale media. Samstundes har diskusjonar med USA om utveksling av persondata knytt til flypassasjerar og bankkundar og dei nylege avsløringane av overvaking både i USA og fleire EU-land danna eit viktig bakteppe for diskusjonane.
Europaparlamentet skriv i si pressemelding at komiteen i går gjekk inn for ein grundig revisjon av europeisk personvern, gje den einskilde betre kontroll med eigne data og samstundes gjere det lettare å drive verksemd i fleire land.
Sentrale punkt i innstillinga frå komiteen er:
Personvern vil bli drøfta på EU-toppmøtet i Brussel torsdag og fredag denne veka der også den amerikanske overvakinga av europeiske borgarar truleg vil vere del av diskusjonen. Det kan gje signal om sjansane for å få eit vedtak før det er val til nytt Parlament i mai neste år. Det synes nokså opent om dette er mogleg.
Euractive viser i dag til at amerikanske styresmakter og verksemder er uroa for at EU skal vedta for strenge personvernreglar. Dei skal vere uro både fordi europeiske reglar direkte vil påverke rammevilkåra til store amerikanske verksemder som opererer i Europa, men også fordi land m.a. i Sør-Amerika og Asia kan kopiere europeisk regelverk.
Også organisasjonenfor små og mellomstore verksemder i Europa er uroa over at strenge krav til personvern vil gje urimeleg høge kostnader for medlemmane hans.
- Euroaparlamentet vil gje borgarane større makt over eigne persondata og samtidig sikre personvernreglar som gjer det lettare å drive verksemd i fleire land
- Amerikanske verksemder og styresmakter er uroa for at EU skal vedta for strenge reglar
- EUs stats- og regjeringssjefar vil drøfte personvern på toppmøtet denne veka
- Målet er å kunne vedta nye reglar før val til nytt Parlamentet i mai neste år.
Det var i januar 2012 Kommisjonen kom med sitt framlegg til å revidere europeisk personvernlovgjeving. Dette gjeld både generelle personvernreglar og reglar for utveksling av persondata i rettsleg samarbeid. Dagens reglar som også er gjennomført i norsk rett, er frå 1995. Det har derfor vore brei semje også modernisere reglane m.a. for å ta omsyn til framveksten av Internett og sosiale media. Samstundes har diskusjonar med USA om utveksling av persondata knytt til flypassasjerar og bankkundar og dei nylege avsløringane av overvaking både i USA og fleire EU-land danna eit viktig bakteppe for diskusjonane.
Europaparlamentet skriv i si pressemelding at komiteen i går gjekk inn for ein grundig revisjon av europeisk personvern, gje den einskilde betre kontroll med eigne data og samstundes gjere det lettare å drive verksemd i fleire land.
Sentrale punkt i innstillinga frå komiteen er:
- Nasjonale datatilsyn må gje autorisasjon før eit firma kan utlevere persondata til styresmakter i tredjeland
- Høgare bøter for verksemder som bryt reglene enn det Kommisjonen hadde gjort framlegg om
- Ein rett til å bli sletta i staden for Kommisjonens framlegg om ein rett til å bli gløymd
- Eit klart krav til samtykke og ein rett til å trekke samtykke tilbake
- Reglar for korleis ulike persondata kom kombinerast i såkalla profilering
Personvern vil bli drøfta på EU-toppmøtet i Brussel torsdag og fredag denne veka der også den amerikanske overvakinga av europeiske borgarar truleg vil vere del av diskusjonen. Det kan gje signal om sjansane for å få eit vedtak før det er val til nytt Parlament i mai neste år. Det synes nokså opent om dette er mogleg.
Euractive viser i dag til at amerikanske styresmakter og verksemder er uroa for at EU skal vedta for strenge personvernreglar. Dei skal vere uro både fordi europeiske reglar direkte vil påverke rammevilkåra til store amerikanske verksemder som opererer i Europa, men også fordi land m.a. i Sør-Amerika og Asia kan kopiere europeisk regelverk.
Også organisasjonenfor små og mellomstore verksemder i Europa er uroa over at strenge krav til personvern vil gje urimeleg høge kostnader for medlemmane hans.
torsdag 10. oktober 2013
Kommisjonen svarte på spørsmål om EØS, Sveits og mikrostatene
Brusselbrev fra Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
Les mer.
- Enighet om at EØS-avtalen fungerer godt.
- Viktig med etterlevelse, redusere etterslepet i å ta nye rettsakter inn i EØS samt avklare ESAs rolle og tilknytningen til nye byråer.
- Kommisjonen kommer med en anbefaling om forholdet til mikrostatene senere i høst.
- Kommisjonen understreker behovet for en institusjonell løsning med Sveits.
Les mer.
fredag 6. september 2013
Parlamentet spør Kommisjonen om EØS, Sveits og mikrostatane
Brusselbrev frå Per S. Nesteande, Stortingets Brusselkontor.
Indre marknads- og forbrukarrettskomiteen (IMCO) i Europaparlamentet vedtok i går eit spørsmål til Kommisjonen om EØS, EFTA og småstatane Andorra, Monaco og San Marino og deira tilhøve til den indre marknaden.
IMCO spør Kommisjonen om den vil vurdere korleis EØS-avtalen fungerer for å betre funksjonsmåten og betre handhevinga av reglane i den indre marknaden. Kommisjonen blir også spurt om den vil vurdere effektane på den indre marknaden av eventuelt å inkludere dei tre småstatane i EØS-avtalen og om det vil vere ein fordel for forbrukarane og handhevinga av reglane i den indre marknaden om Sveits blir inkludert i EØS. Heile spørsmålet følgjer nedanfor.
Saksordførar for spørsmålet er Andreas Schwab (EPP, Tyskland) og det vart vedteke utan debatt med 28 mot 1 stemme.
Spørsmålet og svaret frå Kommisjonen vil bli drøfta av Parlamentet i plenum seinare i haust. Dette vil tidlegast skje under plenumssesjonen i Strasbourg 7. – 10. oktober.
Oral question to the EC on the EEA
Four countries are part of EFTA today (Iceland, Liechtenstein, Norway and Switzerland). At the same time, three small-sized countries - Andorra, San Marino and Monaco - wish to strengthen their relations with the EU in order to have a better access to the EU's internal market.
The European Commission has proposed two preferred options for a closer integration of these countries with the EU: (i) the creation of a Framework Association Agreement between those three states and the EU; (ii) membership in the EEA to the three micro-states.
Switzerland is the only current member of the EFTA, which is not a member of the EEA as its participation in the agreement was contested in a popular vote in 1992. Nevertheless, the country has, since then, signed more than 120 bilateral agreements with the EU.
The EU's internal market is of relevance to all of the above countries and ongoing discussions on the future of relations with the EU, especially concerning single market policies, their implementation and enforcement, will be of importance to consumers beyond the EU's borders.
1) Does the Commission consider that time has now come to examine the functioning of the EEA Agreement, in order to tackle both its shortcomings and possible improvements in relation to enforcing single market rules?
2) Is the Commission willing to consider the impact on the single market of the possible extension of the EEA Agreement and relations with Andorra, San Marino and Monaco?
3) In view of furthering relations with Switzerland, does the Commission consider that its entry in the EEA would be best for consumers and the uniform enforcement of single market rules?
- IMCO vedtok i går eit spørsmål til Kommisjonen om den indre marknaden, behovet for å vurdere endringar i EØS-avtalen og effektane av å inkludere Sveits og mikrostatane i EØS.
- Svaret frå Kommisjonen vil bli drøfta av Europaparlamentet seinare i haust.

torsdag 5. september 2013
Situasjonen til romfolk på dagsordenen i EU
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
Komiteen for borgarrettar, justis og indre saker (LIBE) drøfta i dag situasjonen for romfolk i EU. Debatten tok utgangspunkt i to dokument Kommisjonen la fram i juni i år. Det eine er ei melding om status for gjennomføring av nasjonale strategiar for integrering av romfolk. Det andre er eit framlegg til ei rådstilråding om effektive tiltak for inkludering av romfolk.
- Kommisjonen oppmodar medlemslanda om å betre situasjonen for romfolk gjennom tiltak
knytt til utdanning, sysselsetting, helse og bustader, men også gjennom strukturelle tiltak. - LIBE-komiteen i Europaparlamentet etterlyser politisk vilje og konkrete resultat i arbeidet med å bete levekåra til romfolk.
- Samstundes understreka fleire i LIBE-komiteen at romfolk også har eit eige ansvar for å betre sin situasjon
- Kommisjonen vil leggje fram ei samla vurdering av situasjonen for romfolk våren 2014
Komiteen for borgarrettar, justis og indre saker (LIBE) drøfta i dag situasjonen for romfolk i EU. Debatten tok utgangspunkt i to dokument Kommisjonen la fram i juni i år. Det eine er ei melding om status for gjennomføring av nasjonale strategiar for integrering av romfolk. Det andre er eit framlegg til ei rådstilråding om effektive tiltak for inkludering av romfolk.
torsdag 11. juli 2013
EP skal granske amerikansk og europeisk overvåkning og effektene for europeiske borgerrettigheter
Brusselbrev fra Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
- LIBE skal i løpet av høsten gjennomføre en gransking av overvåkningen av europeiske borgere som er avdekket
- LIBE skal samle fakta, møte ulike aktører og anbefale tiltak
- Enighet om behov for gransking, men ulike syn på hvem det er aktuelt å møte og forholdet mellom grundighet og rask gjennomføring
torsdag 4. juli 2013
EP vedtok med bredt flertall resolusjon med kritikk av norske tollendringer
Brusselbrev fra Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
- Parlamentet kritiserer de norske endringene og ber Kommisjonen bidra til at de reverseres
- Representanter fra EPP, S&D og ECR som deltok i debatten om resolusjonen i går. Disse var samstemte i sin kritikk
- Kommisjonen beklaget i går de norske endringene, sier de har liten effekt på kort sikt, men at de vil ha dem med seg i andre forhandlinger og drøftelser med Norge
Europaparlamentet (EP) vedtok 4. juli en resolusjon om endringene i norske tollsatser for visse landbruksprodukter. Resolusjonen ble vedtatt med håndsopprekking, men anslagsvis 500 stemmer for og 100 mot resolusjonen. Den er nesten identisk med innstillingen som utenrikshandelskomiteen (INTA) vedtok i april. De grønne og GUE hadde fremmet i alt 12 endringsforslag som alle ble avvist i plenum, bortsett fra en mindre teknisk endring.
tirsdag 11. juni 2013
EU drøfter personvernregler internt og med USA og Russland
Brusselbrev fra Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
På Rådsmøtet i Luxembourg 6. juni drøftet EUs justisministre bl.a. forslaget til nye personvernregler. De gikk inn for det som oppfattes som en næringslivsorientert tilnærming med mer vekt på selvregulering og risikobaserte standarder. Ministrene er enige om viktige deler av forslaget knyttet til bl.a. virkeområde (reglene skal ikke gjelde hjemmeaktiviteten til enkeltindivider) og definisjoner av samtykke (begrepet eksplisitt samtykke foreslås tatt ut). Ministrene ønsker at EU-institusjonene skal omfattes av reglene, men Europakommisjonen mener det ikke er mulig pga. eksisterende regler for dem. Det understrekes i konklusjonene at ingenting er avgjort før man er enige om helheten. Den foreløpige enigheten på de ulike punktene er oppsummert i et dokument som ble lagt fram til møtet.
I Europaparlamentet er det uenighet mellom medlemmer i borgerrettighets-, justis- og innenrikskomiteen (LIBE) om hvorvidt de ulike endringsforslagene som er lagt fram vil bidra til å svekke personvernet. Virkeområdet er ett av temaene det er uenighet om. Enkelte ønsker å unnta virksomhet i EU som er rettet mot borgere utenfor EU. Det er også uenighet om definisjonen av samtykke her. Det er lagt opp til at LIBE skal ha en såkalt orienteringsavstemming om forslaget i juli. Endelig avstemming i komiteen er utsatt flere ganger og vil kanskje først finne sted i desember. Det betyr relativt knapp tid til forhandlinger med Rådet om enighet før Parlamentsvalget i mai neste år.
Parallelt med dette har rapporten om at store amerikanske selskaper som Google og Microsoft skal ha gitt amerikanske myndigheter tilgang til informasjon om europeiske borgere, skapt sterke reaksjoner. Medlemmer i Europaparlamentet har understreket at avtaler mellom USA og EU om utveksling av persondata knyttet til flypassasjerer, bankkunder eller sosiale medier, må være basert på grunnleggende personvernregler. Justisministeren i den tyske delstaten Hessen har oppfordret til boikott av de aktuelle selskapene.
Russiske myndigheter ønsker også en avtale med EU om utlevering av flypassasjerdata. En avtale på dette området har vært sett i sammenheng med diskusjonene om lettelser i visumkravene for reisende mellom Russland og EU. Mangel på enighet innen 1. juli vil føre til at EU-flyselskaper må levere persondata til russiske myndigheter for fortsatt å kunne fly i det russiske luftrommet. Samtidig vil slik utlevering være i strid med gjeldende EU-regler. Russland og EU er uenige om hvem som har ansvaret for situasjonen. Kommissær Malmström orienterte om status i saken på en høring i LIBE mandag, men ifølge EUObserver klart hun ikke å forklare medlemmene i komiteen hvorfor man har endt opp med en slik fastlåst situasjon.
Spørsmålet om personvern kommer også opp i andre sammenhenger. Sjefen for EUs datatilsyn, Peter Hustinx, sa forrige uke at et sterkt personvernregelverk er viktig ikke bare for den enkelte innbygger, men også for samarbeidet mellom politi og påtalemyndigheter. Han ønsker derfor at det nedfelles et sterkt personvernregelverk i den nye forordningen om Europols virksomhet. I en rapport som det britiske Overhuset la fram forrige uke, understrekes det at reglene for personvern i Europol-forordningen må være i samsvar med de generelle personvernreglene i EU.

Etiketter:
Brusselbrev,
Justis,
Transport,
Utenriks og forsvar
mandag 13. mai 2013
Europaparlamentet drøfta personvern og Europol
Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
Borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen (LIBE) i Europaparlamentet drøfta denne veka revisjon av europeiske personvernreglar (framlegg til ei forordning om lagring og utveksling av persondata og framlegg til eit direktiv om persondata på justisområdet) og framlegget til forordning om Europol.

- Komitéavstemminga om personvernpakka utsett til juni pga av mange endringsforslag – forhandlingar med Rådet i haust
- Retten til å bli gløymt, ta med seg eigne data og trekke tilbake samtykke, tilsynsansvar for selskap med verksemd i fleire land og tilhøvet til personvernreglar på andre området er sentrale spørsmål
- Ein fyrste diskusjon i komiteen om ny Europol-forordning var prega av motstand mot samanslåing av Europol og Cepol.. Det var ingen diskusjon om parlamentarisk overvaking.
torsdag 25. april 2013
Utanrikshandelskomiteen i EP : vedtak om norsk tollvern
Brusselbrev frå Per S. Nestande.
Utanrikshandelskomiteen i Europaparlamentet vedtok i dag ein resolusjon som kritiserer endringane i det norske tollvernet for visse landbruksprodukt . Saken skal drøftast i plenum i mai eller juni i år.
Utkast til spørsmål og resolusjon som vart lagt fram i mars (sjå nedenfor) kritiserer tollendringane, ber Noreg reversere desse og tek samtidig til orde for forhandlingar med Noreg om ei løysing. Det var fremja 18 endringsforslag til utkastet til resolusjon og det var desse komiteen i dag stemte over. Fleire av endringane kom frå Yannick JADOT (Dei grøne, Frankrike) og Helmut Scholz (GUE, Tyskland). Desse gjekk i retning av å dempe kritikken av Noreg. Ingen av desse endringsframlegga vart vedtekne. I alt 8 EPP-representantar frå Frankrike, Irland, Italia, Lativa, Sverige og Tyskland hadde lagt fram endringsframlegg som gjekk i retning av å skjerpe teksten på enkelte punkt. Desse fremlegga vart alle saman vedtekne.
Landbrukskomiteen hadde i tillegg bedt om to nye punkt i resolusjonen. Det eine ber Kommisjonen om å presisere kva tiltak den ser for seg dersom Noreg ikkje reverserer endringane, spesielt for å beskytte arbeidsplassar og produksjon i landbruket i EU. Den andre ber Kommisjonen kome med ei vurdering av kva negative effektar tollendringane har for landbruket i EU. Substansen i desse to endringsframlegga fekk også tilslutning i dag.
Den endelege versjonen av teksten inkludert endringane, vart vedteke med 25 mot 5 stemmer og ingen blanke. Det var medlemmane frå GUE og Dei grøne som stemte mot. Ein konsolidert versjon av teksten vil fyrst vere klar om nokre dagar.
Resolusjonen går nå vidare til Europaparlamentet i plenum i Strasbourg. Sekretariatet til komiteen opplyser at dei vonar saken kjem opp i mai (20. -23. mai), men den kan også kome opp i juni (10. -13. juni).

Bilateralt møte EU-Sveits
Brusselbrev fra Per S. Nestande.
EU og Sveits hadde 23. april interparlamentarisk møte i Europaparlamentet i Brussel. På dagsorden sto bl.a. institusjonelle forhold og fri bevegelse av personer mellom Sveits og EU.

- Det pågår samtaler på embetsnivå mellom EU og Sveits med sikte på å legge fram omforente alternativer for det institusjonelle forholdet mellom partene. Alternativene skal så vurderes politisk.
- EU ønsker en løsning som ligner på EØS og som sikrer automatisk innarbeiding av nye rettsakter, uavhengig kontroll med gjennomføringen og at EUs rettspraksis tas hensyn til i Sveits
- Det var uenighet mellom parlamentarikerne i EU og Sveits om hvorvidt Sveits bare høster fordelene eller også bidrar i samarbeidet. Mange EU-parlamentarikere er skeptiske til begrensninger i personbevegelse, mens det fra sveitisk side ble påpekt at Sveits tilbyr transportinfrastruktur og mange arbeidsplasser for EU-borgere.
tirsdag 16. april 2013
Europaparlamentet gjekk imot å halde tilbake utsleppskvoter
Brusselbrev frå Per S. Nestande
Europaparlamentet gjekk i dag med knapt fleirtal i mot Europakommisjonens framlegg om å halde tilbake ein del av utsleppskvotene frå auksjon. Framlegget blir nå sendt tilbake til Miljøkomiteen i Europaparlamentet for vidare drøfting. Parlamentet viser i ei pressemelding til at det i avstemminga var det 334 medlemmer som gjekk imot Kommisjonens framlegg, 315 som støtta Kommisjonen og 63 som ikkje stemte. Kommisjonen kom med framlegget om å halde tilbake kvoter etter at kvoteprisane nå er mykje lågare enn det som tidlegare var lagt til grunn. Dette skuldast ikkje minst lågare industriproduksjon pga. den økonomiske krisa og dermed lågare etterspurnad etter kvoter.
Framlegget vart drøfta i plenum i går etter at Miljøkomiteen tidlegare har støtta framlegget, medan Industri-, energi- og forskingskomiteen har gått i mot det. I debatten i går sa motstandarane at det er uheldig å gripe inn i marknaden, at auka kvoteprisar vil øydeleggje tilliten til kvotehandelssystemet, det vil svekkje konkurranseevna, føre til utflytting av industri frå Europa og gje auka elektrisitetsprisar til forbrukarane. Dei som støtte Kommisjonen viste til at sjølv med dette tiltaket vil prisen uansett vere mykje lågare enn det som var lagt til grunn da kvotesystemet var innført. Dei låge prisane vil forseinke omlegginga til reinare energi og innføringa av nye teknologi og dermed gjere det vanskelegare å nå dei langsiktige klimamåla. I debatten var det spesielt konservative medlemmer som gjekk i mot framlegget, medan sosialistgruppa og dei grøne støtta det. I tillegg var det mange medlemmer frå sørlege land og sentraleuropeiske land som gjekk i mot Kommisjonen. EPP-gruppa har i dag kome med ei pressemelding der dei seier seg glade for resultatet, medan S&D-gruppa seier seg lei for utfallet av avstemminga.
Klimakommissær Connie Hedegaard oppmoda i går parlamentarikarane om å støtte framlegget og lova denne typen tiltak skal vere eit eingongstilfelle. Ho sa også denne marknaden er politisk skapt og den krev politisk styring. Samstundes er det viktig å avklare rammevilkåra nå slik at næringslivet veit kva dei har slags rammevilkår fram til 2020. Ho sa at alternativet til Kommisjonens framlegg ikkje er status quo, men derimot eit lappeteppe av nasjonale system. I ei pressemelding i dag seier Hedegaard seg lei for resultatet av avstemminga i Europaparlamentet, men er likevel glad for at saken vil bli drøfta på nytt i Miljøkomiteen.

onsdag 20. mars 2013
EPs utanrikshandelskomite drøfta endringane i det norske tollvernet
Brusselbrev frå Per S. Nestande.
Utanrikshandelskomiteen (INTA) i Europaparlamentet, drøfta i dag dei norske endringane i tollsatsane for visse landbruksprodukt.
Leiaren i komiteen, Vital Moreira (S&D, Portugal), viste innleiingsvis til bakgrunnen for diskusjonen, nemleg ein auke i tollsatsane for visse typar kjøtt og ost og for hortensia. Han sa saken hadde vore drøfta i INTA tidlegare, m.a. med den norske ambassadøren. Han sa EU ikkje kan akseptere at ein nabo og venn gjennomfører slike endringar og at EU derfor må vere veldig tøff mot Noreg i denne saken. Med bakgrunn i at den norske regjeringa ikkje har reversert endringane, har INTA bestemt å reise eit munnleg spørsmål til Kommisjonen og vedta ein resolusjon. Utkast til spørsmål og resolusjon var lagt fram til møtet i dag.
Les meir.
- INTA vil vedta ein resolusjon om endringane i det norske tollvernet i april og saken kan bli drøfta av EP i plenum 20. -23. mai.
- INTA meiner endringane er i strid med intensjonen og ordlyden i EØS-avtalen og ber Noreg reversere endringane.
- Kommisjonen sa endringane var proteksjonistiske og håpar på ei løysing knytt til ein ny protokoll 3-avtale
Utanrikshandelskomiteen (INTA) i Europaparlamentet, drøfta i dag dei norske endringane i tollsatsane for visse landbruksprodukt.
Leiaren i komiteen, Vital Moreira (S&D, Portugal), viste innleiingsvis til bakgrunnen for diskusjonen, nemleg ein auke i tollsatsane for visse typar kjøtt og ost og for hortensia. Han sa saken hadde vore drøfta i INTA tidlegare, m.a. med den norske ambassadøren. Han sa EU ikkje kan akseptere at ein nabo og venn gjennomfører slike endringar og at EU derfor må vere veldig tøff mot Noreg i denne saken. Med bakgrunn i at den norske regjeringa ikkje har reversert endringane, har INTA bestemt å reise eit munnleg spørsmål til Kommisjonen og vedta ein resolusjon. Utkast til spørsmål og resolusjon var lagt fram til møtet i dag.
Les meir.
fredag 15. mars 2013
Europaparlamentet: Utkast til resolusjon om endringane i det norske tollvernet
Brusselbrev frå Per S. Nestande.
Utkast til resolusjon frå Europaparlamentets utanrikshandelskomité om endringane i det norske tollvernet for visse landbruksprodukt er lagt fram.
Resolusjonen ber den norske regjeringa og Stortinget om å trekke tilbake tollendringane og ber den norske regjeringa om å gå med på forhandlingar om vidare liberalisering av handelen med landbruksvarar i samsvar med protokoll 3 i EØS-avtalen. Vidare oppmodar den Europakommisjonen til å forhandle med Noreg om å finne ei løysing og om å vurdere eventuelle tiltak om dette ikkje skjer.
Resolusjonen skal drøftast på møtet i komiteen onsdag 20. mars. Underteikna tek sikte på å vere tilstades under møtet som også kan følgjast her. Det er lagt opp til at resolusjonen skal drøftast i plenum 15. - 18. april.

torsdag 21. februar 2013
Semje mellom Rådet og EP om nye reglar for olje- og gassverksemd til havs
Brusselbrev frå Per S. Nestande
Kommissær Oettinger sendte i dag ut ei pressemelding, der han seier seg tilfreds med at Rådet og Parlamentet i dag har oppnådd semje i forhandlingane om nytt regelverk for auke tryggleiken for olje- og gassverksemd til havs. Det går fram av pressemeldinga at avtalen medfører at reglane skal gjennomførast som direktiv (og ikkje forordning). Det blir mellom anna lagt opp til strengare krav til operatørane i samband med lisensiering og krav om tredjepartsgjennomgang av tekniske løysingar. Operatørane skal også vere fullt økonomisk ansvarleg ved ulykker.
Det er venta at Rådet og Parlamentet formelt vil vedta det nye regelverket i løpet av dei neste månadene.
Frå norsk side har regjeringa fulgt arbeidet med det nye regelverket tett sjølv om regjeringa har sagt det ikkje vil vere EØS-relevant.
Sjå også pressemeldingane frå det irske formannskapet og frå Dei grøne i Europaparlamenet.

torsdag 14. februar 2013
Europaparlamentet drøftar personvern
Brusselbrev frå Per S. Nestande.
Dei to saksordførarane har nå begge lagt fram sine utkast til innstillingar. Andre medlemmar i Europaparlamentet har frist til 27. februar for å kome med sine endringsframlegg. Dato for avstemming i komiteen er ennå ikkje fastsett, men dei to saksordførarane har indikert at Europaparlamentet kan vere klare til å starte forhandlingar med Rådet i mai. Det er neppe realistisk at Rådet er klare så rakst.
Les mer.
- Utkast til innstillingar til nytt personvernregelverk er lagt fram og frist for endringsforslag i Europaparlamentet er 27. mars.
- Begge saksordførarane gjer framlegg om ei rekkje endringar i høve til Kommisjonens framlegg.
- Rådet har kome lengre i drøftingane av forordninga enn direktivet, men det irske formannskapet bidrar til nå til raskare framdrift.
- Det er ikkje venta forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet før til hausten og målet er å få vedteke nytt regelverk før val til nytt Europaparlament i juni 2014.
Dei to saksordførarane har nå begge lagt fram sine utkast til innstillingar. Andre medlemmar i Europaparlamentet har frist til 27. februar for å kome med sine endringsframlegg. Dato for avstemming i komiteen er ennå ikkje fastsett, men dei to saksordførarane har indikert at Europaparlamentet kan vere klare til å starte forhandlingar med Rådet i mai. Det er neppe realistisk at Rådet er klare så rakst.
Les mer.
Abonner på:
Innlegg (Atom)