Europaparlamentet har hatt fleire fiskerisaker på dagsordenen denne veka. Parlamentet har:
- Stadfesta semja om reform av den felles fiskeripolitikken, inkludert innfasing av utkastforbod og tiltak for å hindre overfiske, men det er ennå ikkje eit vedtak for fiskerifondet
- Gått inn for eit forbod mot djupvasstråling i sårbare område, men ikkje for eit totalforbod. Rådet har ikkje starta handsaminga av forordninga ennå
- Drøfta eit spørsmål til Kommisjonen om makrellfiske i Nord-Atlantaren om ein mogleg avtale med Island og Færøyane
- Vedteke ein fornya fiskeriavtale med Marokko, men med motstand frå eit stort mindretal
Parlamentet stadfesta i dag avtalen med Rådet om reform av den felles fiskeripolitikken. Saksordføraren sa i debatten at EU nå tek grep mot overfiske ved at Rådet nå skal vedta årlege, berekraftige kvoter frå 2015 (2020 etter viss vilkår) og det er lagt ein tidsplan for innføring av utkastforbod med visse unnatak. Semja omfattar også regionalisering av forvaltinga og innfører ein klausul knytt til menneskerettar i samband med internasjonale avtaler. Han sa seg lei for at ein ennå ikkje har oppnådd semje med Rådet om den langvarige kompetansestriden knytt til vedtak av forvaltingsplanar for fisk. Denne stiden gjeld kva som er Rådets kompetanse og kva som er delt kompetanse mellom Rådet og Parlamentet etter at Lisboa-traktaten ga Parlamentet auka makt på fiskerisektoren.
Fiskerikommissær Damanaki sa Kommisjonen har oppnådd mange av sine mål for reforma. Samstundes er det nå vist at den ordinære lovgjevingsprosessen fungerar også i denne sektoren. Ho oppmoda om at partane prøver å oppnå semje også om fiskerifondet. Ho minna om at dette fondet finansierer t.d. inspeksjonar, og vitskaplege råd som igjen er nødvendig for å oppnå den hindre uttak utover tilrådde nivå.
Spørsmål til Kommisjonen om makrellfiske i Nord-Atlantaren
Korleis kan Kommisjonen gå inn for å belønne land som står for overfiske? Det har Pat the Cope Gallagher (ALDE, Irland) spurt Kommisjonen om i okober. Han sa i debatten denne veka at Island og Færøyane har løyd seg sjølv store kvotar av makrell og at Kommisjonen ikkje kan gå inn for ein makrellavtale for ein kvar pris. Han viste til at EU og Noreg nå har ein bilateral avtale om makrell. Fiskerikommissæren skal ha uttalt at ein dårleg avtale er betre enn inga avtale. Gallagher var sterkt usamd i dette. Etter å ha møtt den norske statsråden Vidar Helgesen var inntrykket til Gallagher at det nå i praksis er Noreg og ikkje Kommisjonen som er den viktigaste forsvararen for interessene for EU-fiskarane. Han var glad for at Kommisjonen har varsla handeltiltak mot Færøyanes fiske av sild, men etterlyste tiltak også for makrell.
Damanaki sa Kommisjonen har jobba i meir enn 3 år for å finne ei løysing for makrell. Det er semje om at Island og Færøyane sitt fiske ikkje er akseptabelt, men samstundes er det nødvendig å få ein avtale for å hindre det ho kalla ei olympisk fiske dvs. at alle partar einsidig løyver seg sjølv for høge kvotar. Ho sa det er eit faktum at bestanden har flytta på seg samtundes som den nå er på eit nivå som tillet auka kvotar. Det er derfor truleg rom for å få til ein avtale nå, men denne må uansett godkjennast av Parlamentet og Rådet etterpå. Det er ikkje lett å få til ei løysing, men ei løysing er viktig sa kommissæren.
Tråling på djupt vatn
Parlamentet vedtok si innstilling til eit framlegg til forordning om fiske av djupvassartar i Nordaust-Atlanteren. Medan mange i EP hadde gått inn for eit generelt forbod mot bruk av trål på djupt vatn, stadfesta fleirtalet innstillinga frå fiskerikomiteen som gjekk inn for eit forbod berre i sårbare økosystem. Det er opp til Kommisjonen å lage ei liste over kva område som skal reknast som sårbare. I debatten sa fiskerikommissæren at ho nå forventa at Rådet også vil starte behandlinga av forordninga som Kommisjonen la fram i juli 2012.
Marokko
Parlamentet ga si tilslutning til å fornye fiskeriavtalen frå 2011 med Marokko. Mot eit årleg bidrag frå EU til Marokko på 30 millionar euro, får EU fiske i marokkanske fiskerisone. Avtalen vart vedteke med 310 mot 204 stemmer og 49 som stemte blankt. Dei som gjekk mot avtalen kritiserte spesielt at den omfattar kysten av Vest-Sahara.