Brusselbrev frå Per S. Nestande
Kommissær Oettinger sendte i dag ut ei pressemelding, der han seier seg tilfreds med at Rådet og Parlamentet i dag har oppnådd semje i forhandlingane om nytt regelverk for auke tryggleiken for olje- og gassverksemd til havs. Det går fram av pressemeldinga at avtalen medfører at reglane skal gjennomførast som direktiv (og ikkje forordning). Det blir mellom anna lagt opp til strengare krav til operatørane i samband med lisensiering og krav om tredjepartsgjennomgang av tekniske løysingar. Operatørane skal også vere fullt økonomisk ansvarleg ved ulykker.
Det er venta at Rådet og Parlamentet formelt vil vedta det nye regelverket i løpet av dei neste månadene.
Frå norsk side har regjeringa fulgt arbeidet med det nye regelverket tett sjølv om regjeringa har sagt det ikkje vil vere EØS-relevant.
Sjå også pressemeldingane frå det irske formannskapet og frå Dei grøne i Europaparlamenet.