fredag 15. november 2013

Europaparlamentet og nasjonale parlament drøfta Europol

Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
  • LIBE-komiteen i EP hadde i dag invitert nasjonale parlament til å drøfte endringsframlegga til forordninga om Europol - 7 nasjonale parlament deltok
  • Semje om styrka reglar for personvern og motstand mot å slå saman Europol og Cepol
  • EP og nasjonale parlament er opptatt av ei god organisering av den parlamentariske granskinga av Europol, men usemje om kor sterk rolle EP skal ha
  • Eit framlegg som tek til orde for å vurdere å invitere EFTA-landa med som observatørar i granskinga, vart ikkje kommentert

7 nasjonale parlament var representert da borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen (LIBE) i Europaparlamentet (EP) i dag hadde invitert til dialog om framlegget til forordning om Europol. Grunnlaget for diskusjonen i dag var dei endringsframlegga som er lagt fram i komiteen, jf. Europaparlamentets oversikt over dokumenta i saken og saksansvarlege.

Saksordføraren, Agustín DÍAZ DE MERA GARCÍA CONSUEGRA (EPP, Spania) presenterte sitt utkast til innstilling og sa han i tillegg til visse overordna spørsmål og definisjonar, er opptatt av framlegget til å slå saman Europol og det europeiske politiakademiet Cepol (som han er imot), korleis Euopol skal styrast, personvern og spørsmålet om parlamentarisk gransking. Denne granskinga skal i samsvar med Lisboa-traktaten skje i regi av EP og nasjonale parlament. Han går inn for at det skal opprettast ei ny eining ("Parliamentary Scrutiny Unit") med ansvar for den praktiske gjennomføringa og at det er leiaren i LIBE som kan ta initiativ til møte. Det er komiteleiar i LIBE og leiaren i justiskomiteen i formannskapslandet som skal leie granskingsmøta. Han sa det alt er forhandla fram 22 kompromiss mellom han og skuggesaksordførarane og at dei vil ha neste drøftingsmøte 4. desember. Her vil parlamentarisk gransking med Europol vere eit sentralt tema.


Kommisjonen og det litauiske formannskapet sa kort at dei var glade for interessen for framlegget. Litauen sa håpet er å avsluttet saken under det greske formannskapet til våren.

Omlag 20 medlemmer av EP og nasjonale parlament hadde ordet i debatten etterpå. Det var brei semje om behovet for eit godt personvernregelverk i forordninga. Det var også semje om at det er ein dårleg ide å slå saman Europol og Cepol. Det var berre Louis MICHEL (ALDE, Belgia) som støtta samanslåinga.

Spørsmålet om parlamentarisk gransking vart ei hovudtema for debatten. Dei fleste argumenterte for at den må organiserast på ein effektiv måte og at det er viktig å involvere både EP og nasjonale parlament. Det var derimot avstand mellom EP og nasjonale parlament i kva det betyr i praksis. Fleire nasjonale parlament er i mot at det skal opprettast ei særskilt eining med ansvar for granskinga. Nasjonale parlament er også opptatt av at initiativ til møte ikkje berre skal kunne tas av EP. Både den franske nasjonalforsamlinga og det irske parlamentet sirkulerte posisjonsdokument (vedlagt) til møtet der det m.a. blir argumentert for dette. Irland åtvarer mot å ta inn for detaljerte reglar i eit direktiv, fordi dette vil gjere det vanskeleg å revidere organsieringa seinare. Irland tek til orde for at formatet for granskinga bør drøftast på det årlege møtet for presidentane i nasjonalforsamlingane i EU i april neste år. Fleire nasjonale parlament støtta Irland og Frankrike og argumenterte også for at ein ikkje må lage nye strukturar, men byggje vidare på eksisterande format.

Flere MEP argumenterte for at det sentrale er å sikre eit effektivt format og at ein må unngå ei for tallrik forsamling. Nasjonale parlament sa at det er vanskeleg å sjå for seg mindre enn to deltakarar frå kvart land fordi land med tokammersystem må ha høve til å delta med representantar frå begge kammer. Det kom kritikk frå EP om at ikkje fleire nasjonale parlament nytta høve til å delta i diskusjonen i Brussel.

Britiske parlamentarikarar frå EP og Overhuset, åtvara mot å politisere Europol ved at ein gjennom granskinga prøver å styre operasjonelle prioriteringar. Frå britisk side vart det også minna om at det her er snakk om eit område der EU-landa har nasjonal kompetanse. Saksordføraren sa seinare at det ikkje er hans siktemål at granskinga skal gå inn i dei operasjonelle priorteringane. Fleire var inne på at det er ein balanse mellom effektivitet og demokratisk gransking og at uansett er viktig at EP og nasjonale parlament får innsyn i alle relevante dokument.

Karsten Lauritzen (Venste) frå det danske Folketinget minna om at Danmark er i ein spesiell situasjon pga. unnataka på justisområdet som gjer at landet per i dag ikkje kan delta i Europol-samarbeidet. Det blir vurdert å gjennomføre ei folkeavstemming i Danmark om å fjerne unnataka, men det er uklart når det kan skje. Han sa humoristisk at Danmark derfor synes det er heilt greit om det tek tid før den nye forordninga blir vedteke. Generelt er uansett Danmark samde med Irland og andre som går inn for eit fleksibelt og effektivt system for organiseringa av den parlamentariske granskinga og som også tek omsyn til dei ulike måtene ansvaret for dette saksområdet er fordelt nasjonalt.

Saksordføraren sa avslutningsvis at spørsmålet om organiseringa av den parlamentariske granskinga av Europol har vore drøfta dei siste tre åra. Han meiner sine framlegg er godt i samsvar med intensjonane i artikkel 88 (om Europol) i traktaten om funksjonsmåten til EU. Han meinte det var vil vere å overdrive om alle land skal ha to medlemmar i ein komite som skal overvake Europol.

Kommentar:
I fleire saker dei siste åra oppfattar nasjonale parlament det som EP prøver å sikre seg granskinga i saker der det skal vere eit samarbeid. Dette var tilfelles både i samband med etableringa av den nye konferansen for parlamentarisk granskinga av utanriks-, sikkerheits- og forsvarspolitikken og i drøftingane om den nye konferansen for økonomisk og finansiell styring av EU. Det synes også å vere tilfelle i diskusjonen om Europol. Organiseringa av den parlamentariske granskinga av Europol er også prinsipielt viktig fordi ein liknande kontroll skal etablerast for EUs organ for styrking av det strafferetslege samarbeidet - Eurojust. (Framlegget til Eurojust er også til handsaming i LIBE, men komiteen har ennå ikkje fastsett nokon tidsplan for handsaminga). Samstundes verkar det som mange nasjonale parlament har kome seint med i debatten her - Kommisjonen arrangerte alt våren 2011 eit møte med nasjonale parlament for å drøfta formatet på den parlamentariske granskinga.
 
Mellom endringsframlegga som er lagt fram i Europol, er det også eit endringsforslag (endringsframlegg 628) som tek til orde for å vurdere å invitere EFTA-landa til den parlamentariske granskinga som observatørar. Det var ingen som kommenterte dette på møtet i dag, men det har kome signale frå fleire av dei politiske gruppene om at dei vil støtte dette framlegget. 
 
Det er foreløpig indikert at plenumsavstemming om framlegget skal skje i februar, men det er mange som meiner at ein neppe får ferdighandsama framlegget i denne perioden, dvs. før valet til nytt EP i mai 2014.