torsdag 13. mars 2014

Ja til personvern og nei masseovervaking i Strasbourg

Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brusselkontor
  • Europaparlamentet (EP) vedtok med stort fleirtal innstillinga til ny personvernforordning
  • EP vedtok med knapt fleirtall innstillinga til nytt direktiv om personvern i justissamarbeid. 
  • EP vil dermed framleis sjå dei to regelverka i samanheng
  • Rådet har ennå ingen felles posisjon og uklart når forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet kan starte om nytt regelverk eller når det kan vedtakast.
  • EP seier USA må endre si masseovervaking av europeiske borgarar eller risikere konsekvensar for handels- og investeringsavtalen mellom EU og USA
 Kommisjonen la elles fram sine innspel til ny justispolitikk EU og framlegg nye reglar om korleis EU skal handtere medlemsland som ikkje følgjer rettsstatsprinisppa på ein pressekonferanse i Strasbourg 11. mars, jf. omtale i EU/EØS-nytt frå Stortingsbiblioteket i dag.
 
Personvernpakken
Europaparlamentet (EP) vedtok i dag sine innstillingar til nytt personvernregelverk. Medan det var stort fleirtall for innstillinga til forordninga om generelt personvern (621 stemmer for, 10 mot og 22 blanke) var det berre eit knapt fleirtal (371 for, 276 mot og 30 blanke) for innstillinga til direktivet om personvern i justissamarbeid. Det var i hovudsak EPP og ECR som stemte mot innstillinga til direktivet.
 
EP skriv i si pressemelding at det parlamentet i dag stemte for styrka personvern i EU. Reglane skal bli meir moderne, gjere det lettare å drive forretningsverksemd og sikre felles reglar i heile EU. 
 
I debatten tysdag vart dei to konservative gruppene, EPP og ECR, saman med Rådet kritisert for ikkje å støtte heile begge innstillingane. Rådet vart også kritisert for dårleg framdrift i saken. Saksordføraren for forordninga, Albrecht (Dei grøne, Tyskland), sa han var skuffe over Rådet. Han viste til at forbrukarar og andre ynskjer eit nytt europeisk regelverk m.a. for å hindre at store, amerikanske selskap skal kunne ta seg til rette. Saksordføraren for direktivet, Droutsas (S&D, Hellas) var også skuffa over dei medlemslanda som har hindra ein avtale i Rådet og over dei medlemmane av EP som ville stemme mot direktivet.
 
Viseutanriksminister Kourkoulas sa på vegne av det greske formannskapet at Rådet også ynskjer eit revidert europeisk regelverk. Rådet har arbeidd systematisk med framlegga og kome fram til semje på ein del punkt, var er ennå ikkje i mål. Sjølv om EP er skuffa over dette, understreka han at Rådet vil arbeide seriøst med pakken framover. Han vona snart å kunne oppnå semje i Rådet og dermed vere klar til å forhandle med EP.
 
Kommissær Reding gratulerte EP med ein viktig innsats, og sa seg glad for det høge ambisjonsnivå i innstillingane og for at EP stemte over forordning og direktiv som ein pakke. Ho sa det er viktig å fjerne dagens lappeteppe av nasjonale reglar. Dette er viktig for verdiskapinga og for borgarane. Ho sa seg også glad for at det greske formannskapet har bidratt til at Rådet nå igjen arbeider meir systematisk med framlegget. 
 
Jamvel om EP nå har vedteke si innstilling, vil ikkje eit vedtak kome før Rådet har ei innstilling og dei to institusjonane har forhandla seg fram til ein felles posisjon. Det er høgst uklart når dette kan skje, men ein vil ikkje nå målet om eit vedtak før valet til nytt EP i mai.
 
Masseovervaking
EP vedtok i 2013 å gjennomføre ei gransking av påstandane om masseovervaking av europeiske borgarar både av USA og av EU-land. Borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen har gjennomført ei lang rekkje høyringsmøter gjennom hausten 2013. Mange ulike aktørar har delteke i desse høyringane, inkludert stortingsrepresentant Michael Tetzschner (H) som orienterte om det norske EOS-utvalet på eit møte 5. desember i fjor.
 
Rapporten som vart vedteke med 544 stemmer for, 78 i mot og 60 blanke stemmer i dag, oppsummerer funna frå desse høyringane og kjem i tillegg med tilrådingar til Europakommisjonen, USA og EU-landa m.a. om å respektere menneskerettar og avstå frå masseovervaking. Dei støttar også målet om ein rammeavtale mellom EU og USA for å sikre vern av EU-borgarar t.d. i samband med utveksling av flypassasjerdata og bankdata. EP skriv i si pressemelding at USA gjennom resolusjonen får klar melding om å slutte med masseovervaking av EU-borgarar eller å risikere å sette forhandlingane om ein handels- og investeringsavtalen med EU i fare.
 
Saksordføraren, Moraes, (S&D, Storbritannia) viste i debatten i går til at det hadde vore ei krevjande gransking, men at den også hadde vore svært grundig. Mellom anna hadde det vore eit mål å lage ein rapport som ville stå seg over tid.
 
Viseutanriksminister Kourkoulas som snakka på vegne av det greske EU-formannskapet viste i går til at EP var i ferd med å vedta ein balansert rapport. Samstundes ville ikkje formannskapet kommentere dei enkelte elementa sidan dei ikkje hadde vore drøfta i Rådet. Vidare var det mange av tilrådingane som det er opp til Kommisjonen å følgje opp. Det greske formannskapet sa seg glade for at president Obama hadde varsla ein gjennomgang av NSA. 
 
Kommissær Reding takka EP for rapporten og for å ha løfta fram ein viktig diskusjon dei siste månadane. Det er viktig å verne om rettane til europeiske borgarar og mellom anna er det naudsynt med ein rammeavtale med USA. Det er også viktig at USA no viser handlekart og Reding vona derfor konkret oppfølging frå USA på toppmøtet mellom EU og USA 26. mars. 
 
Medlemmane som tok ordet i debatten støtte i hovudsak rapporten og understreka m.a. at europeisk lov må å gjelde i Europa. Dei understreka også at ein ikkje må tillate brot på grunnleggjande rettsstatsprinsipp. Samstundes varsla ECR at gruppa ville stemme mot rapporten fordi gruppa meiner rapporten er urealistisk og useriøs.