torsdag 25. april 2013

Utanrikshandelskomiteen i EP : vedtak om norsk tollvern

Brusselbrev frå Per S. Nestande.

Utanrikshandelskomiteen i Europaparlamentet vedtok i dag ein resolusjon som kritiserer endringane i det norske tollvernet for visse landbruksprodukt . Saken skal drøftast i plenum i mai eller juni i år.

Utkast til spørsmål og resolusjon som vart lagt fram i mars (sjå nedenfor) kritiserer tollendringane, ber Noreg reversere desse og tek samtidig til orde for forhandlingar med Noreg om ei løysing. Det var fremja 18 endringsforslag til utkastet til resolusjon og det var desse komiteen i dag stemte over. Fleire av endringane kom frå Yannick JADOT (Dei grøne, Frankrike) og Helmut Scholz (GUE, Tyskland). Desse gjekk i retning av å dempe kritikken av Noreg. Ingen av desse endringsframlegga vart vedtekne. I alt 8 EPP-representantar frå Frankrike, Irland, Italia, Lativa, Sverige og Tyskland hadde lagt fram endringsframlegg som gjekk i retning av å skjerpe teksten på enkelte punkt. Desse fremlegga vart alle saman vedtekne.

Landbrukskomiteen hadde i tillegg bedt om to nye punkt i resolusjonen. Det eine ber Kommisjonen om å presisere kva tiltak den ser for seg dersom Noreg ikkje reverserer endringane, spesielt for å beskytte arbeidsplassar og produksjon i landbruket i EU. Den andre ber Kommisjonen kome med ei vurdering av kva negative effektar tollendringane har for landbruket i EU. Substansen i desse to endringsframlegga fekk også tilslutning i dag.

Den endelege versjonen av teksten inkludert endringane, vart vedteke med 25 mot 5 stemmer og ingen blanke. Det var medlemmane frå GUE og Dei grøne som stemte mot. Ein konsolidert versjon av teksten vil fyrst vere klar om nokre dagar.

Resolusjonen går nå vidare til Europaparlamentet i plenum i Strasbourg. Sekretariatet til komiteen opplyser at dei vonar saken kjem opp i mai (20. -23. mai), men den kan også kome opp i juni (10. -13. juni).