tirsdag 22. oktober 2013

Europaparlamentet vil styrke personvernet

Brusselbrev frå Per S. Nestande, Stortingets Brussel-kontor.
  • Euroaparlamentet vil gje borgarane større makt over eigne persondata og samtidig sikre personvernreglar som gjer det lettare å drive verksemd i fleire land
  • Amerikanske verksemder og styresmakter er uroa for at EU skal vedta for strenge reglar
  • EUs stats- og regjeringssjefar vil drøfte personvern på toppmøtet denne veka
  • Målet er å kunne vedta nye reglar før val til nytt Parlamentet i mai neste år.
Europaparlamentets komité for borgarrettar, justis og innanrikssaker stemte i går over 4000 endringar til Kommisjonens framlegg til nytt personvernregelverk. Klarare regulering av datautveksling med tredjeland, strengare sanksjonar mot firma som bryt reglane, ein rett til å bli sletta og krav om samtykke for å kombinere ulike persondata i såkalla profilering. Komiteen ga også eit klart samtykke til å starte forhandlingar med Rådet med sikte på semje før valet til nytt Parlament i mai beste år.

Det var i januar 2012 Kommisjonen kom med sitt framlegg til å revidere europeisk personvernlovgjeving. Dette gjeld både generelle personvernreglar og reglar for utveksling av persondata i rettsleg samarbeid. Dagens reglar som også er gjennomført i norsk rett, er frå 1995. Det har derfor vore brei semje også modernisere reglane m.a. for å ta omsyn til framveksten av Internett og sosiale media. Samstundes har diskusjonar med USA om utveksling av persondata knytt til flypassasjerar og bankkundar og dei nylege avsløringane av overvaking både i USA og fleire EU-land danna eit viktig bakteppe for diskusjonane.

Europaparlamentet skriv i si pressemelding at komiteen i går gjekk inn for ein grundig revisjon av europeisk personvern, gje den einskilde betre kontroll med eigne data og samstundes gjere det lettare å drive verksemd i fleire land.

Sentrale punkt i innstillinga frå komiteen er:
  • Nasjonale datatilsyn må gje autorisasjon før eit firma kan utlevere persondata til styresmakter i tredjeland
  • Høgare bøter for verksemder som bryt reglene enn det Kommisjonen hadde gjort framlegg om
  • Ein rett til å bli sletta i staden for Kommisjonens framlegg om ein rett til å bli gløymd
  • Eit klart krav til samtykke og ein rett til å trekke samtykke tilbake
  • Reglar for korleis ulike persondata kom kombinerast i såkalla profilering
Komiteen ga også med stort fleirtal samtykke til at det kan startast forhandlingar med Rådet med sikte på semje. Etter at Rådet og Parlamentet eventuelt blir samde om ein felles posisjon, må denne formelt bli vedtatt av Parlamentet i plenum og av Rådet. Sidan deler av framlegget er Schengen-relevant deltek elles Noreg ved Justisdepartementet i drøftingane av dei to rettsaktene i arbeidsgruppa i Rådet.

Personvern vil bli drøfta på EU-toppmøtet i Brussel torsdag og fredag denne veka der også den amerikanske overvakinga av europeiske borgarar truleg vil vere del av diskusjonen. Det kan gje signal om sjansane for å få eit vedtak før det er val til nytt Parlament i mai neste år. Det synes nokså opent om dette er mogleg.

Euractive viser i dag til at amerikanske styresmakter og verksemder er uroa for at EU skal vedta for strenge personvernreglar. Dei skal vere uro både fordi europeiske reglar direkte vil påverke rammevilkåra til store amerikanske verksemder som opererer i Europa, men også fordi land m.a. i Sør-Amerika og Asia kan kopiere europeisk regelverk.

Også organisasjonenfor små og mellomstore verksemder i Europa er uroa over at strenge krav til personvern vil gje urimeleg høge kostnader for medlemmane hans.