- Utkast til innstillingar til nytt personvernregelverk er lagt fram og frist for endringsforslag i Europaparlamentet er 27. mars.
- Begge saksordførarane gjer framlegg om ei rekkje endringar i høve til Kommisjonens framlegg.
- Rådet har kome lengre i drøftingane av forordninga enn direktivet, men det irske formannskapet bidrar til nå til raskare framdrift.
- Det er ikkje venta forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet før til hausten og målet er å få vedteke nytt regelverk før val til nytt Europaparlament i juni 2014.
Dei to saksordførarane har nå begge lagt fram sine utkast til innstillingar. Andre medlemmar i Europaparlamentet har frist til 27. februar for å kome med sine endringsframlegg. Dato for avstemming i komiteen er ennå ikkje fastsett, men dei to saksordførarane har indikert at Europaparlamentet kan vere klare til å starte forhandlingar med Rådet i mai. Det er neppe realistisk at Rådet er klare så rakst.
Les mer.