fredag 15. mars 2013

Europaparlamentet: Utkast til resolusjon om endringane i det norske tollvernet

Brusselbrev frå Per S. Nestande.

Utkast til resolusjon frå Europaparlamentets utanrikshandelskomité om endringane i det norske tollvernet for visse landbruksprodukt er lagt fram.

Resolusjonen ber den norske regjeringa og Stortinget om å trekke tilbake tollendringane og ber den norske regjeringa om å gå med på forhandlingar om vidare liberalisering av handelen med landbruksvarar i samsvar med protokoll 3 i EØS-avtalen. Vidare oppmodar den Europakommisjonen til å forhandle med Noreg om å finne ei løysing og om å vurdere eventuelle tiltak om dette ikkje skjer.

Resolusjonen skal drøftast på møtet i komiteen onsdag 20. mars. Underteikna tek sikte på å vere tilstades under møtet som også kan følgjast her. Det er lagt opp til at resolusjonen skal drøftast i plenum 15. - 18. april.