Dansk deltaking i ein felleseuropeisk patentdomstol krev anten eit folketingsfleirtal på 5/6 eller fleirtal gjennom ei folkeavstemming. Det er konklusjonen i eit nytt notat frå det danske Justisdepartementet om forholdet mellom ein felles patentdomstol og den danske grunnlova. «Regeringen vil arbejde for at få 5/6 flertal for aftalen», sa statsminister Helle Thorning-Schmidt på sitt pressemøte tysdag.
Det er usemje blant dei danske partia om korleis dette bør gjennomførast. Politiken omtalar partia som vil ha folkeavstemming (Enhedslisten, Dansk Folkeparti og Liberal Alliance) for ein «sær brorskap». Desse partia har også varsla ønske om folkeavstemming om bankunion.
Ein uttale frå EU-domstolen viser at patentdomstolen berre vil vere open for EU-land. Noreg kan difor ikkje slutta seg til ein fellespatent, men norske verksemder kan nytta det nye instrumentet for å sikra seg patentvern i dei landa som deltok i det forsterka samarbeidet. Det var også skriftleg spørsmål om EUs fellespatent i Stortinget for to år sidan.