Det kan bli folkeavstemming om dansk deltaking i EUs patentdomstol i løpet av våren 2014. Politiken siterer regjeringskjelder som meiner ei folkeavstemming blir vanskeleg å unngå.
I Danmark krev ei suverenitetsoverføring anten eit folketingsfleirtal på 5/6 eller fleirtal gjennom ei folkeavstemming. Både Enhedslisten og Dansk Folkeparti ønskjer at det blir gjennomført folkeavstemming.
Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen kritiserte nyleg korleis suverenitetsoverføring blir vedtatt i Noreg, der han også samanlikna med dansk praksis: «Den norske § 93 slektar på den danske § 20, bortsett frå at fleirtalskravet i sistnemnde er 5/6 mot det norske 3/4. Tolkinga av dei to grunnlovsføresegnene er derimot som natt og dag. I Danmark er det ikkje mogleg å bruke den allmenne traktatregelen for suverenitetsoverføring om ho så er aldri så «lite inngripende». Legg til at danskane har brukt sin § 20 sju gongar sidan vedtakinga i 1953, så er kontrasten til Noreg slåande. Har danske politikarar og departementsjuristar skjønt noko deira norske motstykke ikkje har skjønt eller ville skjøne? Ser vi på Grunnlova, er det mykje som tyder på det».
I Danmark støttar nesten halvparten av danskane ei folkeavstemming om patentdomstol, viser ei undersøking gjort for Altinget.dk.