Justis- og innanriksministrane i EU vedtok i slutten av februar ei felles haldning til opprettinga av eit europeisk støttekontor for asyl (EASO) på Malta i løpet av 2010. Framlegget skal behandlast i Europaparlamentet denne våren.
Målet med nyopprettinga er å vidareutvikla det felleseuropeiske asylsystemet (CEAS) gjennom å gi eit meir einskapleg grunnlag for avgjerder, basert på lik informasjon og felles opplæring for dei som arbeider med asylsaker i medlemslanda. Ein ønskjer at land som Noreg kan delta som observatørar.
Asyl- og flyktningpolitikken er, med unntak av Dublin-samarbeidet, eit område kor Noreg per i dag ikkje har inngått samarbeidsavtalar med EU.
I samband med stortingsmeldinga om norsk flyktnings- og migrasjonspolitikk i eit europeisk perspektiv, kom det fram at regjeringa ønskjer å slutta seg til støttekontoret. Førsteamanuensis i europeisk integrasjon ved Universitetet i Agder, Jan Erik Grindheim, sa til NTB at norsk deltaking i EASO ikkje er uproblematisk – og peika på at Noreg må implementera lovgiving utan å vera med i utforminga. Justisminister Knut Storberget svara at EU lyttar til Noreg når det gjeld integreringspolitikk.
Storberget presenterte også bodskapen om norsk justissamarbeid med EU for kommissær for innanrikssaker, Cecilia Malmstrøm, på eit møte i Brussel 23. mars.