Etter påtrykk frå EUs datatilsyn (European Data Protection Supervisor – EDPS) konkluderte Rådet 3.juni med at dei ønskjer klarare reglar rundt personvern i samarbeidet om yttergrensekontroll i Frontex.
Den norske regjeringa varsla i mars at ein ønskjer å delta i yttergrensesamarbeidet under Frontex sin regi.
Framlegget frå Kommisjonen blei kritisert fordi det ikkje nemnte under kva forhold, vilkår og avgrensingar Frontex kan behandla personopplysingar. EDPS sakna eit rettsleg grunnlag, og meinte framlegget kunne føra til juridisk uvisse og risiko for brot på personvernsreglar.
Peter Hustinx, frå EDPS, uttala følgjande: «I am surprised to see that the proposal is silent about the processing of personal data by FRONTEX, all the more so as the new legal framework in which FRONTEX is to operate in the near future is changing so fundamentally.»
Utdrag frå konklusjonen frå Rådet: «The subtle balance between the right to free movement across borders and guaranteeing the highest level of security for European Union citizens is a complex issue that must be founded on adequate data protection safeguards.»