mandag 30. august 2010

Høgsterett ventar på EU-domstolen

Høgsterett har utsett behandlinga av ei sak om pensjonsalder som ti norske helikopterflygarar har reist mot selskapet CHC Norway.

Årsaka til utsetjinga er at ei liknande sak er til behandling i EU-domstolen i Luxembourg (C-447/09).

Norske lover om aldersgrense og aldersdiskriminering liknar EU-lovgjevinga, og Høgsterett ønskjer å venta på dommen frå Luxembourg før dei handsamar klaga frå helikopterflygarane.