Ein ny rapport viser at EU må tredobla verknaden av sin politikk for energieffektivitet, for å nå målet om 20 prosents nedgang i energiforbruket innan 2020.
Rapporten viser at EU kan nå sitt mål om energisparing på 20 prosent innan 2020 ved å realisera alle kostnadseffektive ENØK-tiltak, men at dagens EU-politikk berre oppnår ein tredjedel av dei potensielle kostnadseffektive sparetiltaka.
Det blir også åtvara mot at EU vil få problem med å oppnå andre 2020-mål, som reduksjon av klimagassutslipp og auke i bruken av fornybar energi, om ein ikkje klarer å oppnå ENØK-målet.