tirsdag 21. september 2010

Svensk sak om ulovleg fildeling til EU-domstolen

Ei svensk sak, som rettar seg mot ulovleg fildeling på Internett, skal prøvast i EU-domstolen i Luxembourg.

16. september blei det bestemt at ein skal undersøka om det er rettsleg grunnlag for den svenske tolkinga av Ipreddirektivet, Ipredlagen, som gir mulegheiter til å få ut informasjon om ip-adresser om ein hevdar brot på opphavsretten. Det er venta at avgjerda frå domstolen først kan koma om to år.

I juni konstaterte svensk høgsterett at rettstryggleiken i Sverige er uklar når det gjeld Ipred, og at lova kan vera i strid med datalagringsdirektivet.

Den omstridde lova blei innført i Sverige 1. april i fjor, og det er den første saka som no er sendt vidare til Luxembourg: fem lydbokforlag kravde å få opplysningar frå Internettoperatøren Ephone om ein kunde som var mistenkt for å spreia ulovleg nedlasta lydbokfiler på nettet.

Ipreddirektivet er ikkje innlemma i EØS-avtala, men eit supplerande direktiv frå 2005 er derimot merka EØS-relevant.

I Sveits har den føderale domstolen nyleg avgjort at programvare, som samla inn IP-adresser i samband med ulovleg nedlasting, braut personvernslovverket.