Både franske og rumenske styresmakter møtte representantar frå Kommisjonen i Brussel i går. Tema var det franske utvisingsprogrammet av romfolk. Meir enn 900 romfolk har blitt utvist etter at programmet starta tidlegare i sommar, og utvisingane er blitt kritisert frå fleire hald (mellom anna Europarådet og European Network Against Racism).
Etter møta kom det fram at Kommisjonen treng meir informasjon om utvisingane for å fastslå om aktiviteten er lovleg, og justiskommisær Vivian Reding varsla at romspørsmålet skulle takast opp regelmessig i Ministerrådet.
Den franske europaministeren kom med følgjande uttale etter møtet med Kommisjonen: «me er i det minste einige om eit tal – at det er elleve millionar rom i Europa». Frankrike kritiserte samtidig Romania for manglande bruk av EU-midlar på integrasjonstiltak for romfolk, og peika på at rumenarane mistolka fri bevegelse i EU som ein rett til å kvitta seg med eigne innbyggjarar på kostnad av andre land.
Representantar frå rumenske styresmakter meinte på si side at landet hadde brukt meir pengar på integrasjonstiltak enn franskmennene hevda, og la til at dette «ping-pong-spelet måtte ta slutt».
Frankrike haldt fast på at utvisingane var nødvendige for tryggleiken i landet, og at romfolk blei deportert på bakgrunn av kriminelle handlingar. Måndag avviste likevel ein uavhengig domstol i franske Lille utvisinga av sju romfolk, på grunn av manglande bevis om at dei skulle utgjera ein trussel mot offentleg orden.
Fakta om romfolk i EU.
Vidare diskusjonar framover:
1.9: Kommissærmøte, skal mellom anna diskutera romspørsmålet.
6-9.9: EU-parlamentet i Strasbourg, skal i løpet av samlinga diskutera romspørsmålet.