EUs grensebyrå, Frontex, sender ei eigen innsatsgruppe til Hellas for å bistå i grensevakthaldet, opplyser EU-kommisjonen.
Innanrikskommissær Cecilia Malmström poengterer at situasjonen langs grensa mot Tyrkia vekkjer bekymring, og at straumen av menneske som kryssar grensa ulovleg no er på eit nivå som grekarane ikkje er i stand til å handtera på eiga hand.
Bortimot ni av ti som kjem ulovleg til EU, kjem først til Hellas. Dei fleste via Tyrkia.