onsdag 1. desember 2010

Utfordringar i samarbeidet mellom Sveits og EU

Automatisk utvising av utlendingar dersom dei blir dømde for lovbrot. Det blei resultatet i ei sveitsisk folkeavstemming søndag. Tidlegare har det blitt diskutert om kva eit slikt utfall ville bety for relasjonane til Europa.

EU-kommisjonen uttala måndag at dei vil studera verknadane av folkeavstemminga, og korleis det no ville bli omsett til lovverk. Som medlemsland i Schengen utfordrar den sveitsiske haldninga prinsippet om fri flyt for personar i store delar av Europa.

International Commission of Jurists (ICJ) uttrykte bekymring for at folkeavstemmingsresultatet risikerer alvorlege brot på menneskerettane, til dømes om Sveits returnerer domfelte til land som praktiserer dødsstraff eller tortur.

Måndag var det også møte i EU-ekspertgruppa som evaluerer relasjonane mellom EFTA-landa og unionen, og kor endeleg rapport skal presenterast på EU-toppmøtet i desember. Her blei Sveits mellom anna kritisert for at talet på bilaterale avtalar har nådd si grense.