Justis- og innanriksrådet bestemte torsdag at Bulgaria og Romania ikkje blir innlemma i Schengen-området før dei har betra sine juridiske system og innsatsen mot korrupsjon. Dei nye kriteria kjem i tillegg til sju tekniske krav som må oppfyllast for å delta i det europeiske området for fri bevegelse.
Det ungarske formannskapet nådde dermed ikkje målet om å sikra ein tidsplan for nabolandas Schengen-inntog.
Tyskland føreslo å begynna med opne luftgrenser mot Bulgaria og Romania, etterfølgd av landegrensene, samt å utarbeida ein mulegheit for mellombels suspensjon frå Schengen-systemet. Sverige var blant landa som uttrykte støtte til dette framlegget.