Medan lønningane i Europa har gått ned med fem prosent sidan 2008, har dei tilsette i EU-systemet opplevd lønsvekst på nesten fire prosent. «Repsektløst» kommenterer den danske finansministeren Claus Hjort Frederiksen i ein artikkel i Politiken, der han også varslar oppgjer med høge EU-lønningar når Danmark tek over formannskapet i 2012.
Ein talsmann for EU-kommisjonen svarar at: «lønningerne er nødvendige, hvis EU skal tiltrække de bedste og bede dem om at flytte fra deres hjemland ».
Politiken skriv at om lag 1600 EU-tilsette tener meir enn den danske statsministeren (som har ei årsløn på 1,4 millionar danske kroner).