Rådet vedtok 7. mars å fremja lik deltaking for kvinner og menn i avgjerdsprosessar på alle nivå fram mot 2020, og presenterte ei rekkje konklusjonar på likestillingspakta 2011-2020.
EU-kommissær Vivian Reding lanserte i juli 2010 tanken om å bruka kvotering på EU-nivå for å styrkja kvinneleg deltaking i avgjerdsorgan. Framlegget blei ikkje støtta av ministrane på rådsmøtet i går.
Samtidig skriv Euractiv, på den internasjonale kvinnedagen, om omfattande kjønnsforskjellar i EU-landa:
- Statistikken viser at kvinner gjennomsnittleg er betalt ein femtedel av det menn får for same jobb
- Arbeidsløysa er større blant kvinner
- Berre tre statsleiarar i EU er kvinner
- Mindre enn ein fjerdedel av medlemmene i dei nasjonale parlamenta er kvinner
- Tre prosent av bedriftsstyreleiarane er kvinner
Eit nytt initiativ blei lagt fram av Reding i mars, som oppmoda EU-selskap om å friviljug auka talet på kvinner i styrene: «I want to give self-regulation a last chance. If this has happened by March 2012, I will congratulate the European business world. If it has not happened, you can count on my regulatory creativity.»