EU-domstolen slo nyleg fast at det er forbode å bruka kjønn som faktor i utrekning av forsikringspremiar. I dag er det gjerne slik at kvinner må betala meir enn menn for uføreforsikring, medan menn betaler meir for livsforsikring. Årsakene til desse forskjellane ligg i statistiske faktorar.
No har EU-domstolen bestemt at ulikskapane må opphevast innan 21. desember neste år.
Halvard Haukeland Fredriksen (Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen) er usikker på kva følgjer domstolsavgjerda vil ha for norsk rett, fordi dommen gjeld grunnleggjande rettar utanfor EØS-retten. Men, Fredriksen legg til at mykje likevel tilseier at EØS-retten rommar eit tilsvarande prinsipp med forbod mot kjønnsdiskriminering.
Direktør i Storebrand, Jan Otto Risebrobakken, er kritisk til norsk implementering: «Kjønn er en relevant risikofaktor, og jeg har vanskelig for å se likestillingsaspektet.» Og får støtte frå kollegaer i Det europeiske forsikringsforbundet, som i ei pressemelding åtvarar mot at forbodet vil få ein betydeleg effekt på pris og utval for forsikringskundane i Europa.
Likestillingsombod Sunniva Ørstavik seier til Dine Penger at EU-domstolen no «uttaler klart at likestilling mellom kjønnene er en fundamental rettighet».
Folketinget har også skrive eit notat om forbodet frå EU-domstolen.