onsdag 16. mars 2011

Splid i Riksdagen: Datalagringsdirektivet utsett

I ettermiddag har ein splitta riksdag votert over å ta Datalagringsdirektivet inn i det svenske lovverket frå 1. juli i år. Regjeringspartia fekk støtte frå Socialdemokraterna, men eit mindretal beståande av Miljöpartiet, Vänsterpartiet og Sverigedemokraterna klarte likevel å utsetja spørsmålet i minst eitt år.

Justiskomiteen i Riksdagen må no venta til mars neste år før saka kan behandlast på nytt.

På førehand hadde justisministeren åtvara mot at Sverige må betala 150 millionar svenske kroner i bøter om Riksdagen ikkje implementerte direktivet. «Pengarna är inte det viktigaste. Det är viktigare att stå upp för skyddet för integritet och mänskliga rättigheter» sa mellom anna Jens Holm (V) i debatten.

Sverigedemokraterna er i utgangspunktet for lova, men ønskjer lengre lagringstid enn regjeringsframlegget (tolv månader i staden for seks) og at data av sikkerheitsgrunnar skal lagrast i Sverige.

I Noreg har mellom anna sikkerheitsekspertar ved NTNU teke til ordet for utsetjing av direktivet i påvente av teknologiutviklinga. Samtidig har digi.no skrive om datalagringserfaringar i Danmark, etter at det blei innført i lovverket i 2007: Kraftig vekst i dansk DLD-registrering.

Medier i Norden, nyheitsbrev frå Nordisk ministerråd, har ein gjennomgang av Datalgringsdirektivet i dei nordiske landa i sitt marsnummer.