onsdag 13. april 2011

EU-kommissær føreslår EØS-utviding til Midtausten

EUs naboland i sør bør få tilgang til den indre marknaden og medlemskap i EØS. Det kjem fram i eit eksklusivt intervju med kommissær for utviding og naboskapspolitikk, Štefan Füle, i Euractiv i dag.

I intervjuet føreslår kommissæren ambisiøse svar frå EU på hendingane i den arabiske verda, og samanlikna utviklinga med revolusjonane i Aust-Europa i 1989 og dei påfølgjande EU- og NATO-medlemskapane for desse landa.

Difor ønskjer Füle at EU stiller opp for landa i sør: «once they embark on the road of reform I think they should be aware that they will have in us a very solid, coherent [and] helpful partner [...] We are ready to embark on economic integration with those countries [...] with the idea of gradually creating the kind of European economic area which is working so well in Europe».

Heile intervjuet kan lesast her: Štefan Füle: EU won't allow Arab revolutions to be 'stolen'.

Sjå også kommentar i Dagens Næringsliv 14. april: EØS i spill.