Parlamentarikarforsamlinga knytt til EUs austlege partnarskap hadde sitt konstituerande møte 3. mai. Målet med det nye organet, EURONEST, er å gi ein parlamentarisk dimensjon til EUs nabolagspolitikk austover.
På møtet blei det mellom anna nedsett to arbeidsgrupper, ei om forretningsorden og ei om Kviterussland. I tilegg blei det oppretta fire komitear med desse arbeidsområda:
- Politiske saker, menneskerettar og demokrati
- Økonomiske saker, juridisk tilnærming og konvergens med EU-politikk
- Energisikkerheit
- Kultur, utdanning og sivilt samfunn
EURONEST består av 60 medlemmer av Europaparlamentet og ti parlamentarikarar frå kvart av dei fem austlege samarbeidslanda (Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Moldova og Ukraina).
Det konstituerande møtet føregjekk utan representantar frå Kviterussland. I februar hadde Utanriksdepartementet besøk av kviterussisk opposisjon, som då uttrykte ønske om plass i parlamentarikarforsamlinga.