onsdag 8. juni 2011

Forbrukarrettsdirektivet: Avtale mellom Parlamentet og Rådet

Brusselbrev fra Per S. Nestande.

Europaparlamentet og Rådet vart 7. juni samde om ein foreløpig avtale om nytt forbrukarrettsdirektiv. Rådet må gje si tilslutning til avtalen før den er godkjent. Dette er venta å skje torsdag denne veka.

Deretter må Parlamentet i plenum og Rådet formelt vedta avtalen. Det er venta at Parlamentet vil gjere dette seinare juni eller i juli.

Avtalen omfattar mellom annan ein generell 14-dagars angrefrist for fjernsal i heile EU, ein rett til å få levert varer kjøpt ved fjernsal innan 30 dagar og betre informasjon for forbrukarane.

Les meir om avtalen i pressemeldinga frå indre marknadskomiteen i Europaparlamentet.