fredag 3. juni 2011

Høyring om DLD i Europaparlamentet

Brusselbrev fra Per S. Nestande.

Oppsummering av høyring om datalagringsdirektivet i Europaparlamentet 31. mai 2011:
• Formålet med høyringa var å drøfte eventuelle endringar i samband med den vurderinga av direktivet som nå skjer i EU
• Det var mange som peikte på behov for klarare definisjonar av seriøs kriminalitet, meir harmonistert lagringstid og klarare reglar for innsyn og for kompensasjon til aktørane
• Kommisjonen varsla framlegg til endringar i slutten av 2011 eller tidleg i 2012.
• Europaparlamentet har ikkje teke stilling til korleis dei vil handsame den evalueringsrapporten som nå ligg føre, men det er venta at den ansvarlege komiteen (LIBE) vil utarbeide ein såkalla eigeninitiert rapport om saken som innspel til Kommisjonens vidare arbeid.

Den norske europabevegelsen og den liberal gruppa (ALDE) i Europaparlamentet (EP) arrangerte 31. mai i open høyring i EP om datalagringsdirektivet. Høyringa tok utgangspunkt i evalueringa som Kommisjonen la fram tidlegare i år og Kommisjonens pågåande vurdering av behovet for endringar i direktivet. Stortingsrepresentantane INGJERD SCHOU og NIKOLAI ASTRUP deltok som innleiarar. I tillegg deltok HÅKON HAUGLI (AP) i debatten saman med mellom anna direktør i datatilsynet BJØRN ERIK THON. Program for høyringa er vedlagt nedanfor.

PÅL FRISVOLD frå Europabevegelsen innleidde med å seie at formålet med høyringa var å drøfte korleis direktivet kan forbetrast i samband med at Europakommisjonen (Kommisjonen) nå har lagt fram si evaluering og er venta å kome med framlegg til endringar.

ALEXANDER ALVARO (tysk, ALDE) viste i si innleiing til at han hadde vore saksordførar for direktivet som vart vedteke etter eit kompromiss mellom dei konservative og sosialistane. Alvaro var usamd i kompromisset og hadde derfor ikkje stemt for det endelege direktivet. Han ynskjer eit direktiv der lagring av data skjer med utgangspunkt i misstanke. Etter hans syn må det mellom anna vurderast om direktivet er i samsvar med grunnleggjande borgarrettar, forbetring av tekniske definisjonar, kven som betale kostnadane og om direktivet påverkar måten vi kommuniserar på?

MIA ÅSENIUS (kabinettsjef for Cecila Malmström, kommissær med ansvar for direktivet) peikte på at felles EU-reglar på dette området er naudsynt for å sikre grunnleggjande rettar og ein velfungerande indre marknad samstundes som datalagring er avgjerande i etterforsking av seriøs kriminalitet. Det er store variasjonar i gjennomføringa av direktivet i ulik EU-land. Det gjeld mellom anna i lagringstid, kven som har innsyn i lagra data, tryggingstiltak og kva type kriminalitet som gjev grunnlag for bruk av lagra data. Det er ynskjeleg med meir harmoniserte reglar i heile EU og Kommisjonen håper å kome med framlegg til revisjon av direktivet i slutten av 2011 eller tidleg i 2012.

Ho peikte på at direktivet er gjennomført i dei fleste medlemslanda og at det berre er få land – og spesielt Tyskland – som har vore kritiske. Det er usikkert om og når eit nytt direktiv blir vedteke. Kommisjonen forventar derfor at alle land gjennomfører det nåverande direktivet og vil fortsette å reise saker om traktatbrot til dei som ikkje gjer det.

JOE MCNAMEE (European Digital Rights) kritiserte direktivet og hevda at innhaldet i direktivet ikkje var proporsjonalt med behova til medlemslanda. Dette også er årsaka til at få medlemsland forsvarar det og at Kommisjonen hadde vanskar med å få inn informasjon til evalueringa. Han ynskte lagring berre i samband med mistanke og ikkje generell lagring av alle data for alle borgarar.

JAN VELLEMAN (den europeiske politisamanslutninga – EuroCop) forsvarte direktivet og viste til at det er nødvendig t.d. i etterforsking av barneporno eller misbruk av kredittkort. Det er nødvendig med relativt lang lagringstid for å sikre dette. Han stilte seg uforståande til den implisitte mistrua til politiet som kritikarane av direktivet vister og peikte på at politiet i EU er underlagt demokratisk kontroll. Han var samd i behovet for meir harmonisering av kva slags kriminalitet som kan gje grunnlag for innsyn, men var kritisk til ulik lagringstid for ulike typar kriminalitet. Han oppmoda Kommisjonen til å ta seg god tid før den gjer framlegg om endringar.

OLIVER SÜME (samanslutninga av europeiske leverandørar av internettenester - EuroISPA) hevda at Kommisjonen ikkje hadde godt nok datagrunnlagt til å konkludere med at direktivet er nødvendig. Han hevda mange spørsmål om innsyn ikkje gjaldt seriøs kriminalitet. Direktivet er kostbart for operatørane, spesielt dei små og mellomstore. Landa kompenserer desse kostnadane i ulik grad – i Austerrike får verksemdene 20% av kostnadane refundert, i Tyskland ingenting og i Storbritannia får dei refundert alle kostnadar knytt til investeringar som må gjennomførast pga. direktivet. Desse skilnadane forstyrrar konkurransen. Han ynskte seg kortare lagringsperiodar og meinte det er mogleg å få til raskare behandling av innsynskrav og raskare etterforsking.

NIKOLAI ASTRUP viste til at direktivet bryt inn i folks privatsfære på ein utilbørleg måte. Direktivet er ikkje effektivt sidan det lett kan omgåast og ikkje bidrar til å førebygge kriminalitet. Han tok til orde for lagring berre ved mistanke. Han ynskte også betre retningsliner for t.d. lagringsperiode og definisjon av seriøs kriminalitet. Han tok også til orde for differensierte lagringstider slik at t.d. IP-adressar kan bli lagra lengre enn anna type informasjon.

INGJERD SCHOU viste til at direktivet nå var vedteke implementert i Noreg etter omfattande diskusjonar. Ho orienterte om hovudpunkta i den norske gjennomføringslova, og sa gjennomføringa i Noreg vil styrke personvernet. Det vil vere krav om autorisasjon for å drive datalagring og at bruk av data skal vere sporbart. Vidare blir media sin rett til kjeldevern styrka. Ho sa ein frå norsk side ynskjer å følgje den pågåande debatten i EU nøye og at ho ynskjer seg felles definisjonar på EU-nivå på fleire område enn i dag.

I den etterfølgjande debatten peikte HÅKON HAUGLI på at datalagring skjer uavhengig av om ein har eit datalagringsdirektiv eller ikkje. Spørsmålet er derfor er korleis ein skal regulere slik lagring. I samband med dette er det lagringsperiode og definisjon av kva som er seriøs kriminalitet viktig. BJØRN ERIK THON viste til at ein må balansere omsynet til personvern mot kampen mot kriminalitet. Ulike trafikkdata må vurderast individuelt – IP-adressar og e-postadressar kan ikkje handsamast på same måte. Det er viktig å drøfte direktivet med utgangspunkt i fakta og ikkje kjensler. Det er også viktig å vurdere om direktivet endrar måten folk kommuniserer fordi dei veit data blir lagra.

PÅL FRISVOLD sa avslutningsvis at høyringa hadde vist at utfordringa er å finne den riktige balansen mellom lagring og innsyn på den eine sida og personvern på den andre. Det synes elles vere semje om behovet for felles definisjonar på ein del område. Europabevegelsen vil lage ei oppsummering av høyringa som eit innspel til den vidare diskusjonen i EU.