onsdag 15. juni 2011

Parlamenta styrkar dialogen med Kommisjonen

Den politiske dialogen mellom Europakommisjonen og dei nasjonale parlamenta blei styrka i fjor, det viser årsrapporten om samhandlinga med parlamenta. Nasjonale parlament har fått mulegheit til å koma med innspel direkte til Kommisjonen når det gjeld nye forslag og høyringsdokument.

I 2010 mottok Kommisjonen 387 innspel frå parlamenta i medlemslanda, ein auke på nesten 60 prosent.

Parlamenta har også ei rolle som voktarar av subsidaritetsprinsippet, og i mai blei det sett ”ny rekord” etter at 13 parlament hadde kome med innvendingar mot eit forslag om felles EU-skatt for selskaper (CCCTB). Det måtte ha kome minst 18 innspel før Kommisjonen hadde vore forplikta til å endra forslaget.