torsdag 9. juni 2011

Sverige seier nei til EU-grensevakter

Sverige ønskjer ikkje å støtta at Frontex, grensekontrollbyrået i EU, skal få tilsetja sine eigne grensevakter. Spørsmålet skal diskuterast i Justis- og innanriksrådet i dag.

«Vi vill inte ha en europeisk gränsövervakningsstyrka, utan det måste bygga på medlemsstaternas ansvar» seier Sveriges justisminister Beatrice Ask til Sveriges Radio 9. juni.

Spørsmålet om eigne EU-vakter kjem fordi medlemslanda vil endra korleis Frontex skal operera. Men det finst ulike syn på om grenseinspektørar skal vera uavhengige og berre lyda ordre frå Frontex, eller om dei vil vera underlagt dei enkelte EU-landa.

Statssekretær Pål K. Lønseth representerer Noreg på rådsmøtet i Luxembourg i dag.