Terrorangrepa mot Oslo og Utøya denne sommaren utløyste eit ekstraordinært møte i EUs arbeidsgruppe for terrorisme i Brussel 28. juli, kor Noreg deltok. EU ønskjer å undersøkja såkalla «einsam ulv-terrorisme» og nettbasert radikalisering, og fryktar at nokon kan kopiera angrepsmetodane brukt i Noreg.
Sikkerheitsekspertar skal sjå nærmare på om restriksjonar rundt sal av våpen og eksplosivforløparar bør innførast. Samtidig ønskjer ein å betra samarbeidet og informasjonsutvekslinga i antiterrortiltak.
EUs krisenettverk, First Response Network, blei tatt i bruk for første gong etter terrorangrepa i Noreg. Gjennom nettverket har norsk politi fått tilgang til spesialistar i ei rekkje europeiske land. I tillegg til å aktivera nettverket sette Europol si eiga antiterroravdeling på saka.
Europakommisjonen har også åtvara mot framandfrykt etter angrepa i Noreg. Angrepa kom dagen etter at innanrikskommissær Cecilia Malmström innrømte at slik frykt var i vekst også i det tradisjonelt migrasjonsvenlege Skandinavia, og viste til integreringsutfordringar i heimlandet Sverige: «They live parallel lives, they have no Swedish friends, their kids have no Swedish classmates».
I 2010 registrerte Europol 249 terroraksjonar i EUs medlemsland, dei fleste var knytt til ulike separatistgrupper.
12. juli vedtok Komiteen for borgarrettar (LIBE) i Europaparlamentet ein resolusjon om at arbeid mot terrorisme må samsvara med terrortrussel og vera basert på bevis. I tillegg ønskte komitémedlemmene ei evaluering av antiterrortiltak i Europa etter 11. september 2001, og oppmoda Europakommisjonen om å presentera ei studie rundt kostnadane i antiterrorismepolitikken.
Dagens Medisin skreiv nyleg om eit Sintef-leia EU-prosjekt på tvers av landegrensene, som skal bidra til å auka beredskapen ved mellom anna terrorangrep. Målet er å utvikla teknologi for å betra samhandlinga slik at innsatsleiarar og nødetatar får betre mulegheit til å redda liv og avgrensa skadeomfang.