torsdag 29. september 2011

Kommisjonen foreslår skatt på finanstransaksjonar

Brusselbrev frå Per Nestande
  • Barroso åtvara i dag mot eit fragmentert EU og understreka at Hellas fortsatt vil vere med i Eurosonen
  • Barroso understrekar behovet for meir fellesskap og integrering på det økonomiske området og fekk brei støtte frå dei største partia i EP
  • Kommisjonen foreslår skatt på transaksjonar mellom finansinstitusjonar – framlegget må vedtas samrøystes av alle medlemslanda
Tale om status for EU
Kommisjonspresident Barroso heldt i dag ei tale om status for EU i Europaparlamentet (EP). I tala som varte i 40 minutt sa han at EU nå er inne i den største krisa nokon gong, men at EU vil lykkast med å finne ein veg ut av krisa. Han åtvara mot eit fragmentert EU og understreka at Hellas vil halde fram med å vere med i Eurosonen.  
Talen vart jamt over svært godt motteke av medlemmane av Europaparlamentet (MEP) som ga han applaus fleire gonger. Han fekk også mange godord og støtteerklæringar for talen i den lange debatten etterpå. Medlemmar frå gruppene på ytste høgrefløya og ein del av dei uavhengige medlemmane ga derimot uttrykk for at dei vart usamde i det han presenterte.
Barroso tok til orde for meir integrasjon og fellesskap og at Kommisjonen må ha ansvar og fullmakt til å utøve leiarskap på knytt til økonomisk politikk. Han viste mellom anna til den såkalla ”six-pack” for økonomisk styring som vart vedteke av EP i dag, som eit døme på nødvendige tiltak for å sikre disiplin og tiltru til euroen. Han viste til at EU har lagt fram ei lang rekkje framlegg på finansområdet sidan finanskrisa tok til, og at denne lovgjevingsprosessen vil bli supplert med ytterlegare framlegg seinare i år.  Barroso understreka at for å sikre vekst og sysselsetting må også andre politiske tiltak gjennomførast. Han viste i samband med dette mellom anna til behovet for ein effektiv indre marknad, ikkje minst på det digitale området, behovet for å styrke forsking og innovasjon og å sikre tilgang til risikokapital. Han understreka også behovet for ein god infrastruktur for energi, transport og ikt.
Skatt på finanstransaksjonar
Det var stor interesse knytt til at Barroso i dag presenterte framlegg til ein skatt på finanstransaksjonar i EU, jf. omtale på Stortingets EU-EØS-blogg i dag. Han understreka at dette er ein rettferdig skatt som skal sikre at finansnæringa også bidreg til fellesskapet.  Dette poenget vart ytterlegare poengtert av kommissær Šemeta som hadde pressekonferanse om framlegget i dag. Šemeta viste til at 65% av EU-borgarane vil ha ein slik skatt, at EP har bedt om at den blir innført og at også mange ikkje-statlege organisasjonar også har tatt til orde for ein slik skatt. Han sa også at ein slik skatt vil sikre ein meir velfungerande indre marknad.
Kommissær Šemeta sa at jamvel om det alltid er kostnadar og effektivitetstap knytt til innføring av nye skattar, viser Kommisjonen si konsekvensvurdering at det er fornuftig og forsvarleg å innføre ein slik skatt. Skatten er også så låg (0,01-0,02%) og har eit så breit grunnlag at faren for massive utflytting av institusjonar er liten. Skatten vil berre gjelde transaksjonar mellom finansinstitusjonar, og ikkje t.d. på forbrukarane sin kredittkorttransaksjonar eller i samband med at aksjeselskap skal utvide aksjekapitalen sin.
Kommisjonen ser dette framlegget i samband med spørsmålet om fellesskapsfinansiering av EUs langtidsbudsjett. Det blir lagt opp til at inntektene skal delast mellom medlemslanda og Europakommisjonen. Kommisjonen vil kome attende til den nøyaktige fordelinga seinare i haust i eit samla framlegg knytt til fellesskapsfinansiering der også spørsmålet om ein ”EU-moms” vil bli drøfta. Kommisjonen foreslår at skatten skal trå i kraft 1. januar 2014 og vil også ta opp spørsmålet på det neste G20-møtet i november.
Framlegg til nye skattar må vedtas samrøystes av medlemslanda. Storbritannia har tidlegare varsla at dei ikkje ynskjer ein slik skatt, men kommissær Šemeta sa i dag det er alt for tidleg å konkludere med at framlegget ikkje vil kunne bli vedteke. Han viste mellom anna til at Storbritannia er blant dei 10 EU-landa som har ein form for skatt på finanstransaksjonar allereie.
I EP som altså ikkje har ei formell rolle i vedtaksprosessen, var det i dag var det få røyster mot framlegget. Eit unnatak var den ungarske ordføraren for Europeiske konservative og reformistar, tsjekkiske Jan Zahradil, som sa han ikkje støtta framlegget. Den svenske konservative Gunnar Högmark seier i ei pressemelding i dag at Kommisjonen i staden for nye skatteframlegg, burde fokusere på tiltak for å sikre effektive marknader og konkurranse i EU.