Brusselbrev frå Per Nestande.
• 25 av EUs medlemsland arbeider nå for å få på plass eit fellespatent gjennom såkalla forsterka samarbeid
• Eit fellespatent vil bidra til store innsparingar for verksemdene og blir støtta av Europaparlamentet, Europakommisjonen og næringslivet
• Tvister skal løysast av ein særskilt fellesdomstol som berre blir open for EU-medlemmar
• Noreg kan ikkje slutte seg til fellespatentet, men norske verksemder kan nytte det nye instrumentet for patentvern når det kjem på plass
Justiskomiteen (JURI) i Europaparlamentet hadde 11. oktober ei høyring om status for eit fellespatent i EU. Program og presentasjonar frå høyringa er lagt ut på heimesida til JURI.
Bakgrunnen for høyringa er at 25 av 27 EU-land - alle med unnatak av Italia og Spania - nå deltek i såkalla forsterka samarbeid for å etablere eit fellespatent. Dette skjer etter at det ikkje vart semje om språkregime knytt til eit felles EU-patent - vedtak om språkspørsmål må skje samrøystes i EU. Etablering av fellespatent er ei prioritert sak for det polske formannskapet og blir støtta av Europaparlamentet. Dette er også identifisert som eit av 12 hovudpunkt i Europakommisjonens handlingsplan for den indre marknaden (Single Market Act). Business Europe har også støtta eit slikt patent gjennom lang tid.
Eit fellespatent (unitary patent på engelsk) vil medføre at eit patent som blir registrert innanfor det nye systemet, automatisk får godkjenning i alle dei 25 landa som deltek. I dag må eit europeisk patent som blir godkjent av Det Europeiske patentkontoret (EPO), bli registrert i kvart av medlemslanda. Dette medfører også at det dei fleste tilfelle må oversettast til det enkelte nasjonale språk, medan det er lagt opp til oversetting berrre til engelsk, fransk og tysk for det nye patentet. I tillegg manglar eit felles juridisk rammeverk i dag. I tvistesaker kan derfor ulike nasjonale domstolar kome fram til ulike resultat.
EPO har 38 medlemsland (inkludert Noreg). Det er lagt opp til at EPO administrer det nye patentet på om lag same måte som det administrer dagens nasjonale patentordningar. Administrasjonen vil bli finansiert av dei gebyra som blir kravd inn for dette patentet sidan EPO berre kan ta på seg nye oppgåver dersom dei er budsjettnøytrale. Samstundes reknar ein med ei innsparing på 70% i administrasjonskostnadene ved å gjennomføre fellespatentet samanlikna med dagens system. Ein fellespatent er der forfor spesielt viktig for mindre verksemder og for forskingssenter og vil også bidra til mindre juridisk fragmentering i Europa. Mange meiner EU kan tape i den internasjonale konkurransen om ein ikkje moderniserer sitt patentsystem. USA har nettopp vedteke omfattande modernisering av si lovgjeving på dette området og Kina er også i ferd med å etablere eit moderne system.
I tillegg til språk, har den andre utfordringa for etablering av felleskapspatentet vore modell for tvisteløysing. Det blir nå lagt opp til å etablere ein fellesdomstol. Etableringa av domstolen vil skje ved at dei landa som samarbeider om fellespatentet inngår ein internasjonal avtale. Dette kjem etter at EU-domstolen (ECJ) i mars kom med ei uttale om at det opprinnelege opplegget ikkje var i samsvar med EU-retten.
Det følgjer av uttala frå ECJ at fellesdomstolen berre vil vere open for EU-medlemmar. Noreg kan derfor ikkje slutte seg til ein fellespatent, men norske verksemder kan nytte det nye instrumentet for å sikre seg patentvern i dei landa som deltek i det forsterka samarbeidet.