Brusselbrev frå Per Nestande
Det var liten framgang i trepartsforhandlingane mellom Rådet og Europaparlamentet på eit møte førre veke.
Det er lagt opp til eit nytt forhandlingsmøte i midten av november, men det er no uformell kontakt mellom det polske formannskapet og Parlamentet for å få Rådet til å komme Parlamentet i møte. Eit element i dette synes å vere at ein del av medlemslanda ynskjer å kople drøftingane om innskottsgarantidirektivet med drøftingar om framlegget til direktiv om styrka soliditetskrav for kredittinstitusjonar og investeringsselskap. Dette framlegget som kom i juli, skal i følgje Europakommisjonens pressemelding sikre at bankar har meir og betre kapital for å motstå framtidige sjokk. (Finansdepartementet har sendt dette framlegget er sendt på høyring i Noreg). Europaparlamentet meiner dei to framlegga kan drøftast separat.
Spørsmålet om eit unntak i innskottsgarantidirektivet som sikrar vidareføring av det norsk garantinivået, er dermed framleis uavklart.
Det polske formannskapet har ynskjer å oppnå semje om dette direktivet før jul, men det er uklart om dette er mogleg.