Brusselbrev frå Per Nestande
Det er nå uformelle drøftingar om eit kompromiss for å oppnå semje om talet på delegatar til eit nytt parlamentarisk forum etter nedlegginga av VEU. Som kjent har Europaparlamentet (EP) kravd å få fleire delegatar enn nasjonale parlament. Det store fleirtalet av nasjonale parlament har gått inn for 6 delegatar per parlament inkludert frå EP. Kompromisset som nå blir drøfta medfører at det ikkje blir sagt noko om storleiken på delegasjonane. Ein reknar med at dei fleste uansett ikkje vil møte med meir enn 6 og at ein del land også vil ha færre delegatar enn dette. Ein reknar ikkje med at EP i praksis vil stille med ein stor delegasjon på 15 eller fleire delegatar som har vore storleiken EP har kravd. Det er m.a. Storbritannia som har arbeidd med å få dette kompromisset på plass.
Førre veke signaliserte det polske formannskapet i EU under handa at dei ynskjer eit uformelt møte for presidentane i nasjonale parlament 11. og 12. desember i Warszawa for å oppnå semje om forumet. Frå polsk side har ein vore knapp med informasjon om møtet utover dette. Mange andre land vurderer det som unødvendig og urealistisk med ei slikt møte i desember. Dei viser til at det uansett er vanskeleg å planleggje deltaking på møtet utan dagsorden eller tekst på bordet. Dei ynskjer i staden i uformell semje nå, og at formell semje oppnåast på det ordinære møtet for presidentane i nasjonale parlament i Warszawa i april 2012.
Det polske formannskapet ynskjer ei formell semje nå for å kunne innkassere dette som eit resultat under sitt formannskap. Det blir også lagt vekt på at den nåverande presidenten i EP, den polske konservative Jerzy Buzek vil blir etterfølgd av den tyske sosialdemokraten Martin Schulz tidleg i 2012. Ein reknar med at Schultz vil vere mindre innstilt på kompromiss enn Buzek.
Spørsmålet om observatørstatus for Europeiske land som er med i NATO, men ikkje EU, blir ikkje drøfta nå og synes ukontroversielt. Frå norsk side kan det likevel vere eit poeng at ein får semje om det nye forumet seinast i april. Etter Polen er det Kypros som vil vere ansvarleg for den neste ordinære presidentkonferansen (våren 2013). Med det dårlege tilhøvet mellom Kypros og Tyrkia, kan det ikkje heilt utelukkast at Kypros vil vere mindre positivt innstilt til observatørar enn dei fleste andre EU-landa er.