mandag 5. desember 2011

Asylpolitikk: mindre snakk, meir solidaritet

Europakommisjonen publiserte 2. desember ei melding om meir solidaritet innanfor EU-samarbeidet når det gjeld asylområdet. Kommisjonen føreslår her å betra asylfelta gjennom lovgiving, praktisk samarbeid og bruk av EU-finansieringsmekanismar.

Seks medlemsland (Frankrike, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Sverige og Italia) får 75 prosent av alle asylsøknadane i EU.

Solidaritet innanfor asylbehandlinga skal sikrast gjennom eit meir effektivt støttekontor for asylsaker (EASO) og ved å gi meir midlar i medlemslanda. Kommisjonen argumenterer for at ei mekanisme som sikrar evaluering og tidleg varsling kan etablerast for å få løyst problema i europeisk asylsystem på ein gode måte.

Innanrikskommissæren kom med følgjande melding til medlemslanda med dårleg fungerande asylsystem: «det er på tide å få huset i orden».