tirsdag 13. desember 2011

Forslag til nye personvernreglar «lekka»

Justiskommissær Viviane Reding informerte førre veke om arbeidet med europeisk personvern. Det er venta at Europakommisjonen kjem med ei oppgradering av personverndirektivet (frå 1995) i januar.

Samtidig har den britiske tenketanken Statewatch lekka fleire utkast til personvernreglar som Reding er venta å føreslå neste månad:
- ei forordning som skal erstatta 1995-direktivet: Regulation on the processing of personal data (forslaget er merka EØS-relevant)
- eit eige direktiv om vilkår for politi og rettssystem sin tilgang til personopplysingar: Police and Criminal Justice Data Protection Directive
- ei melding: Safeguarding Privacy in a Connected World A European Data Protection Framework for the 21st Century

IT-bransjens nettavis digi.no har oppsummert innhaldet i dei lekka dokumenta under tittelen EU vil diktere personvernet. Her står det også at Kommisjonen ønskjer å endra frå direktiv til forordning, fordi slike reglar blir gjort gjeldande for alle medlemsland med ein gong gyldige vedtak er gjort i Europaparlamentet og Ministerrådet. Digi.no skriv vidare at bedrifter med over 250 tilsette etter dei nye regelforslaga skal ha eigne personvernombod.

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, sa følgjande etter ein personvernkonferanse i Brussel 6. desember: «Dette er et forslag som absolutt er EØS-relevant og vil ha innvirkning på fremtidig utforming av norsk personvernslovgivning. Det er høyst relevant å følge med på hva som skjer i EU på dette området og komme inn i prosessen så tidlig som mulig». EU-delegasjonen slår fast at forslag til endringar i dagens personvernregelverk vil vera viktige å følgja for Noreg.