Europaparlamentet stemte 13. desember for eit direktiv som gir tredjelandsborgarar som arbeider lovleg i EU i meir enn tre månader like rettar som EU-borgarar på visse område: arbeidsforhold, pensjon, trygd og tilgang til offentlege tenester.
Det såkalla «single permit»-direktivet vil også gjera det muleg for utanlandske arbeidstakarar å få arbeids- og opphaldsløyve gjennom éin prosedyre. Medlemslanda har to år på seg til å tilpassa nasjonal lovgjeving til dei nye reglane. Ein representant for EPP i Europaparlamentet kommenterte godkjenninga av direktivet slik: «This is the first report on legal migration to be adopted by co-decision. This directive is a first step towards a common European policy on economic migration».
Direktivet er no vedtatt, og etter at det blir publisert i EU-tidende (tar nokre månader) har medlemslanda to år på å innarbeida direktivet i sine nasjonale lover. Direktivet er ikkje merka som EØS-relevant.