onsdag 14. desember 2011

Oppsummering av toppmøtet 8. og 9. desember

Brusselbrev frå Per Nestande.

- Van Rompuy og Barroso understreka i Europaparlamentet at toppmøtet hadde gitt viktige resultat som vil bidra til økonomisk stabilitet og disiplin i EU
- Dei største politiske gruppene er positive til ei fellesskapsløysing og kritiske til at Storbritannia ikkje slutta seg til semja med resten av landa
- Mindre grupper til høgre forsvara Storbritannia og mindre grupper på venstresida var kritiske til for mykje vektlegging av innsparingstiltak
- Det er ei viss uro for at Europaparlamentet vil bli marginalisert i det nye


Rådspresident Herman Van Rompuy og kommisjonspresident José Manuel Barroso rapporterte i dag til Europaparlamentet i Strasbourg om resultatet av toppmøtet i helga. Dei viste til at ein hadde oppnådd resultat som var viktige på kort sikt (m.a. meir ressursar til IMF og til stabilitetsmekanismane i EU) og på lang sikt, dvs. tiltak for økonomisk stabilitet og disiplin. Dei understreka at krisa ikkje er over og at det tek tid å byggje opp ny tillit. Det er også viktig at dei økonomiske tiltaka blir følgd av strukturreformar og andre tiltak, inkl. satsing på forsking og innovasjon for å sikre ny vekst i EU. Det er positivt at så mange land – kanskje 26 av 27 – vil slutte seg til semja. Dette er ein siger for EU og viser solidaritet mellom medlemslanda. Sidan Storbritannia ikkje slutta seg til semja, vil samarbeidet skje som ei internasjonal avtale mellom dei involverte medlemslanda. Den nye avtala vil ikkje bli utforma på ein måte som er i strid med EUs rettsgrunnlag understreka dei to. Dei to presidentane viste også til at i tillegg til tiltaka mot den økonomiske krisa, var det signeringa av avtalen om Kroatisk EU-medlemskap eit viktig resultat frå toppmøtet. Kroatia kan dermed bli medlem av 1. juli 2013 etter dersom det blir ja til medlemskap i ei folkeavstemming og alle EU-landa ratifiserer avtalen.

Kommentarane frå dei politiske gruppeleiarane og medlemmar i Parlamentet i den etterfølgjande debatten var som venta blanda, men med mange friske utspel. Dei største gruppene er positive til fellesskapsløysingar – solidaritet og disiplin – og kritiske til at Storbritannia ikkje er del av denne løysinga. Den franske leiarane for den konservative gruppa (EPP) Joseph Daul sa dei tre interessante spørsmåla nå er korleis den nye avtalen faktisk vil arte seg, kva plass Storbritannia skal ha i EU framover og korleis ein kan sikre vekst framover. Leiaren for sosialistgruppa (S&D), tyske Martin Schulz, sa det er påfallande at Storbritannia ikkje slutta seg til resten av landa og at grunngjevinga syntes å vere knytt til eit ynskje om å verne sin finanssektor. Det er trass alt denne sektoren som er ein viktig årsak til krisa sa Schulz. Den liberale leiaren Guy Verhofstadt sa – med ein viss porsjon ironi – at han i dag ikkje vil snakke engelsk (som han vanlegvis gjer i plenum) og halde seg til nederlandsk.

Dei to gruppene til høgre for EPP forsvara Storbritannia og meinte toppmøtet ikkje kan reknast som nokon suksess. Britiske Nigel Farage (UK Independence Party) sa at UK snart ville melde seg ut av EU og håpa UK ville få følgje av andre land. Gruppene til venstre for den sosialdemokratiske gruppa (S&D) er kritiske til det dei meiner er einsidig fokus på innsparing og sakna andre tiltak for å komme ut av krisa. Dei sa ein ikkje kan spare seg til ny vekst. I debatten vart det også stilt spørsmål ved dei automatiske straffetiltaka mot land som bryt reglane om budsjettunderskott. Vil dei faktisk vil kunne handhevast i ein situasjon der så mange land har så store økonomiske problem?

Fleire sa i debatten at Rådet ikkje hadde vist handlekraft i dei to åra krisen har vart. Parlamentet vil vedta ein resolusjon i januar med sitt innspel til kva tiltak som er naudsynte for å løyse krisen. Det nye samarbeidet som dei fleste av EU-landa nå er samde om, vil bli eit mellomstatleg samarbeid. Det er derfor uklart kva rolle dei etablerte institusjonane vil få. Ein kunne i debatten også ei viss uro for at Parlamentet vil bli marginalisert på dei områda som er omfatta av det nye samarbeidet.

Nordiske reaksjonar:
Folketingets EU-oplysning har oppsummert toppmøtet i ein EU-note og i ei omtale av europakten. Det kan sjå ut som regjeringspartia Socialdemokraterne og Socialistisk Folkeparti har forskjellig syn på europakten.

Dagens nyheter skriv 13. desember at den svenske regjeringa er splitta når det gjeld å slutte seg til europakten.


I Finland har spørsmålet om beslutninger rundt det permanente krisefondet ESM (European Stability Mechanism) skal avgjøres ved flertallsvedtak i stedet for enstemmighet vakt debatt.

Finansminister Sigbjørn Johnsen uttalte 9. desember at han er positiv til avtalen. Han liker at eurolanda vil etablere ein ny og bindande avtale som skal leie til «sterkere finanspolitisk disiplin, dypere økonomisk integrasjon, og høyere økonomisk vekst», ifølgje Aftenposten. «Jeg har også merket meg at EU-landene er enig om å stille nye lånemidler til disposisjon for Det internasjonale valutafondet, IMF [...] Fra norske side har vi allerede sagt at vi er positive til å vurdere nye lån til IMF for å bidra til at organisasjonen har tilstrekkelig utlånskapasitet».