Nye Schengen-land, EU sitt antiterrorarbeid og avtale om utveksling av passasjerdata. Dette var blant tema då justis- og innanriksministrane var samla til rådsmøte 13. desember.
Liechtenstein blir det 26. landet i det grensefrie Schengen-området frå og med 19.desember. Samtidig kunne ikkje ministrane bestemma seg for innlemming av Bulgaria og Romania i Schengen, fordi Nederland framleis held på sitt veto mot opptak av desse landa i området.
EU sin antiterrorkoordinator presenterte tre dokument for ministrane:
- Notat om EUs antiterrorstrategi
- Rapport om EUs handlingsplan om bekjempelse av terrorisme
- Rapport om gjennomføring av revidert strategi for terrorfinansiering
Rådet godkjente vidare PNR-avtala om utveksling av passasjerdata mellom EU og USA, sjølv om European Data Protection Supervisor (EDPS, EUs tilsyn for datasikkerheit) same dag kom med fleire innvendingar mot avtala. No må avtala godkjennast i Europaparlamentet, som tidlegare har etterlyst personvern i den avtalte datautvekslinga. Ein representant for Dei grøne i Europaparlamentet hadde følgjande kommentar: «This agreement fails to address the fundamental rights concerns repeatedly raised by the European Parliament and various European courts».
Europakommisjonen presenterte også utviklinga av SIS II, eit nytt regelverk for Schengen informasjonssystem som er venta å bli operativt i 2013. I regjeringa sitt arbeidsprogram for EU/EØS-saker står det følgjande om SIS II: «Norge har hatt en positiv holdning til utviklingen av SIS II. Vi ligger i fremste rekke i den tekniske gjennomføringen, og bidrar aktivt ved å bistå Kommisjonen i det sentrale prosjektarbeidet».