Brusselbrev frå Per S. Nestande
Korleis skal felles strafferettslege reglar på EU-nivå utformast? Dette var tema for ei høyring i regi av komiteen for borgarrettar, innanriksspørsmål og rettslege spørsmål (LIBE) i Europaparlamentet 8. desember. Europakommisjonen (Kommisjonen) la i september 2011 fram ei melding om framtidig politikk på dette området. LIBE arbeider nå med ein såkalla eigeninitiert rapport om harmonisering av strafferetten i EU (saksordførarar Cornelis De Jong, Nederland, GUE).
Høyringa drøfta tilhøvet mellom nasjonal og europeisk strafferett, grunnleggjande prinsipp det må tas omsyn ved utforming av europeisk straffereglar og korleis ein kan sikre ei heilskapleg utforming av slike reglar på EU-nivå. Det siste skjer m.a. gjennom at Kommisjonen gjennomfører konsekvensvurderingar og har etablert interne ekspertgrupper på tvers av dei ulike generaldirektorata.
Les mer