Europakommisjonen føreslo 12. mars nye reglar for å betra mulegheitene til å konfiskera pengar og andre eigedelar tileigna gjennom kriminelle aktivitetar.
EU-lovverket har vist seg ineffektivt i møte med mektige kriminelle organiseringar. I dag blir mindre enn éin prosent av slike kriminelle eigedelar frosne eller konfiskerte.
Forslaget opnar for fleire tiltak: utvida konfiskering, konfiskering hos tredjepart, ikkje-domsbasert konfiskering i enkelte tilfelle, preventiv frysing av midlar og forvalting av aksjar. I tillegg skal det sikrast at frysing og konfiskering blir vege opp mot grunnleggjande rettar.
Direktivet er ikkje merka EØS-relevant, men Noreg har når det gjelder strafferettsleg samarbeid «bevisst gått inn for å inngå enkeltstående formelle samarbeidsavtaler med EU om norsk deltakelse eller tilknytning til viktige justispolitiske prosesser som igangsettes fra EUs side».