Korleis kan ein regulera trådlaust tilkopla einingar best muleg? Det er blant spørsmåla Europakomisjonen ønskjer svar på i ei høyring om «tingenes internett» (IoT – «Internet of Things»).
«Tingenes internett» handlar om bruk av trådlause einingar i kvardagsting som telefonar, bilar, hushaldningsapparat, klede og mat, som gjennom radiobrikker kan samla inn og senda vidare opplysningar om åtferdsmønster, geografisk plassering og preferansar hos brukarane.
Kommisjonen ønskjer no å finna ut korleis ein skal sikra tilstrekkeleg kontroll over dei einingane som behandlar slike opplysningar. Kommissær for digital agenda, Neelie Kroes, seier mellom anna at dagens personverndirektiv ikkje er godt nok til å handtera desse utfordringane.
Kommisjonen si høyring har frist 12.juli. Resultata frå høyringa skal brukast i ein rekommandasjon neste sommar, og styrking av «tingenes internett» er blant satsingane i handlingsplanen for digital agenda i Europa.