mandag 30. april 2012

Siste nytt om ACTA

Europaparlamentet har utsett voteringa av ACTA-avtala ein månad, og det er no venta plenumsvotering i juli. Saksordførar David Martin (S&D) gav 25. april si tilråding til Komiteen for internasjonal handel (INTA), der han tok til ordet for å avvisa avtala på grunn av manglar når det gjeld vern av borgarrettar. Samtidig anerkjente Martin behovet for å beskytta immaterielle rettar i Europa, noko som kan muleggjerast gjennom ei omforhandling av avtala.

Dei liberale i Europaparlamentet tok også til orde for
avvising av avtala i førre veke, og saman med Dei grønne og S&D har no tre av dei fire største partigruppene i parlamentet denne haldninga. I komiteen for rettslege spørsmål (JURI) har ein utsett å røysta over avtala til slutten av mai.

EUs tilsyn for datasikkerheit (EDPS) kom i førre veke med ei 16-siders evaluering av ACTA-avtala.  EDPS konkluderer mellom anna med at planlagde ACTA-tiltak for å ivareta immaterielle rettar i den digitale kvardagen kan trua personvernet og beskyttelse av data viss det ikkje blir gjennomført på ein god nok måte, og ein må finna den rette balansen mellom behovet for vern av immaterielle rettar og retten til personvern og databeskyttelse.

Mens Europakommisjonen ventar på at EU-domstolen skal koma med si vurdering av ACTA (som kan ta opp imot eitt år), kan ein følgja utviklinga i behandlinga i Europaparlamentet her.