tirsdag 15. mai 2012

Europaparlamentet ser mot 2025

Europaparlamentet arbeider for tida med eit nytt strategidokument, som skal skissera behova framover mot 2025.

Her blir det mellom anna tatt til orde for å tenka nytt rundt korleis parlamentet samhandlar med dei nasjonale parlamenta. «The key issue nevertheless will be whether MPs and MEPs start to cooperate expert-to-expert», seier generalsekretær i Europaparlamentet, Klaus Welle.

Europaparlamentet har allereie styrka «its in-house content capacity», og Welle meiner dette skal gjera parlamentet mindre avhengig av lobbyistar og andre eksterne.

Nyleg blei det også stilt spørsmålsteikn ved nytten til Europaparlamentet sin eigen tv-kanal, som har låge sjåartal.