Den første «helsesjekken» av Schengen blei nyleg presentert av Europakommisjonen, i form av den første halvårige rapporten om korleis Schengen-området verkar.
I rapporten, som dekkjer perioden mellom 1. november 2011 og 30. april i år, blir situasjonen på grensa mellom Hellas og Tyrkia trekt fram som det store problemet i Schengen-samarbeidet. 30 000 personar skal ha kryssa Schengen-yttergrensene ulovleg dei tre siste månadane i fjor, og 75 prosent av desse kryssa den gresk-tyrkiske grensa.
«Den allra största bristen är Grekland. Den grekiska gränsen som inte fungerar, trots att hela Europa är där och försöker hjälpa till. Men det kan inte göra så att hela samarbetet ifrågasätts», kommenterer innanrikskommisær Cecilia Malmström til Sveriges Radio.
Kommisjonen har også kontrollert etterfølginga av Schengen-reglane i medlemslanda, til dømes korleis politisamarbeidet i mellom anna Noreg fungerte. Her er eigne rapportar under utarbeiding, men det skal ikkje vera snakk om store forbetringskrav. Vidare varslar Kommisjonen sjekk av korleis informasjonssystemet SIS/Sirene fungerer i Noreg til hausten.
Schengen-samarbeidet garanterer fri bevegelse for meir enn 400 millionar EU- og EFTA-borgarar, og kvart år dreg europearane på over 1,25 milliardar reiser. Kommisjonen meiner difor det er viktig å forsvara retten til fri bevegelse.
Rapporten dannar grunnlaget for vidare debatt i Europaparlamentet og Rådet.