EUobserver skreiv førre veke om utviklinga av førarlause køyretøy som skal kunna brukast i vakthaldet ved EU sine yttergrenser.
Eit prosjekt, som er delfinansiert av EU, har nyleg testa nokre slike køyretøy. Ved bruk av sensorar kan køyretøya spora opp personar, som gjennom innebygde høgtalarar til dømes kan bli bedne om framvising av papir. Ein radar vil vidare overvaka bevegelsane til personane, i ev. påvente av at grensevakter skal koma til.
EUobserver skriv også at berre nokre få slike køyretøy ville trengast for å overvaka den 12,5 km lange grensa mellom Hellas og Tyrkia, kor rundt 80 prosent av den ulovlege innvandringa til EU føregår.